Forfattarane Jørn Lier Horst, Levi Henriksen, Tina Trovik, Bjørn Sortland og Heidi Linde er dei fem nominerte til ARKs barnebokpris i år. Det vil seia at fleirtalet av dei nominerte, er nominert for si første bok for barn. Horst og Henriksen har skrive fleire bøker for vaksne, mens Tina Trovik er debutant.

Krimforfattar Jørn Lier Horst er nominert for «Salamandergåten», den første boka i CLUE-serien som er for ungdom mellom 9 og 14 år. Andre bok i serien, «Maltesergåten», kom i haust, og er allereie ute i nytt opplag. Levi Henriksen er nominert for spenningsboka «Englen i Djevelgapet», hans første bok for eit yngre publikum. 

Tina Trovik vann Schibsteds manuskonkurranse for barn og unge i 2011, og er nominert for  debutboka«Samuel Sekel og flukten fra Paris».  To meir erfarne barnebokforfattarar er også med blant dei nominerte: Bjørn Sortland er nominert for «Istanbulmysterier», og Heidi Linde for den alternative jenteboka «Pym Pettersons mislykka familie».

Spesielt for ARKs barnebokpris er at det her er dei unge sjølve som har det siste ordet. Inntil 10.000 norske elevar i 5., 6. og 7. klasse er med på å stemme fram favorittboka si blant fem kandidatar. Kven som vinn prisen, får vi vita i desember.

 

Bøkene til Heidi Linde og Levi Henriksen har vore omtalte her på NBU-sida under nye bøker.