Endelig er boka her, eller gjekk det eigentlig for raskt?

Vel uansett, boka er her og det vil eg feira! Håpar at du vil vera med på feringa som er neste måndag klokka 19.30 i Oslo.
Adresse for dagen er Cappelens forslag, Bernt Ankers gt. 4.

Dei som i alle fall kjem er Agnes Ravatn og Rønnaug Kleiva. Rønnaug har fått flotte kritikkar for si site bok Armenia, Albania, Argentina.

«Framifrå og autentisk. Rønnaug Kleiva tek oss med på mange små og alltid engasjerande reiser … Kleiva høyrer til A-laget i norsk skjønnlitteratur … Alltid presist språk, skarpe observasjonar og intelligente refleksjonar.» Odd W Suren i Dag og Tid.

På måndag vil du få høyra Rønnaug lesa frå boka si som kom no i haust.

«Denne boka er en skatt.», skreiv Ellen Sofie Lauritzen i Dagsavisen om Agnes Ravatn si bok Folkelesnad. Det blir nok litt tankar om folkelesnad frå Agnes på festen, eller forresten, kven veit kva ho finn på. Det er det fine med Agnes, at ein aldri heilt kan vera sikker på kva ho kjem til å seia eller gjera.