Er ungdomsromanar unyanserte og klisjefylte? Har dei eindimensjonale karakterar? Og er dei av den grunn dårlegare litteratur enn vaksenbøker? Slik kan ein forstå bokmeldar Charlotte Myrbråthen i BT, som kritiserer ei bok fordi den liknar på ein tenåringsroman. Dette har fått redaksjonen i Barnebokkritikk.no til å reagere.

I omtalen av debutromanen til journalistene Mette Anthun og Kari Birkeland, Emmas Avec har Myrbråthen mykje godt å seia. Men ho kritiserer språket på denne måten: «Det kjennes tidvis som å lese en (spisset) tenåringsroman (og ikke bare fordi miljøet i kanalen oppfører seg som ungdomsskoleelever) der nyansene uteblir, karakterene blir for endimensjonale og språket preget av forutsigbare klisjeer.»

I ein kommentar viser redaksjonen i Barnebokkritikk.no også til ei bokmelding av Jens Liljestrand i Dagens Nyheter (30.08.2012). «I dette tilfellet gjeld det romanen Kast med liten kniv av Sara Kadefors, som han ikke har mye til overs for. Urealistisk psykologi, sjablonmessig og lite troverdig, lyder dommen, som avsluttes slik: ‘Med sina många välskrivna och medryckande partier känns detta snarare som en medelgod ungdomsroman än som seriös vuxenlitteratur’.»

Les heile kommentaren på Barnebokkritikk.no: