Til vanlig pleier eg vera den som bestemmer over kamera og har gjester i Bak bøkene her på bloggen, men i samband med Kirsebærsnø måtte eg til pers sjølv. I kveld klokka 21.30 på NRK 2 er eg med i ein reportasje på Bokprogrammet. Veldig gøy, og litt skummelt. Bra eg hadde med Bessie som moralsk støtte.

 

Bessie er faktisk med i boka Kirsebærsnø, der er ho hunden til dyrlegen Alex.

Eg synest det er ekstra stas å vera med i nett dette programmet sidan Ingvar Ambjørnsen er hovudgjest. Ei av dei bøkene eg huska best frå tenåra var Hvite niggere. Dette var ei av bøkene som viste meg kva bøker eg skulle skriva sjølv ein gong. Så Ambjørnsen har vore veldig viktig for mitt ungdomsbokforfattarskap, sjølv om Hvite niggere eigentlig er gitt ut som ein vaksenroman.

Fint program er det i alle fall.

Klikk på bilete for å sjå sendinga på nett!