Kva slags barnebøker er det Posten tilbyr kundane sine? Dagens postkontor er meir enn postkontor, dei fleste har også ei avdeling med sal av ymse varer, inkludert bøker. NBU har fått reaksjonar frå medlemmer på utvalet av barne- og ungdomsbøker på postkontora. Styremedlemmer har derfor besøkt postkontor i Sandnes, Lillehammer, Bergen, Fredrikstad og Oslo for å sjå på utvalet.
For norske barne- og ungdomsbokforfattarar er det ikkje særleg oppmuntrande. Ingen skjønnlitterære bøker av norske forfattarar, ingen bøker av særleg litterær kvalitet. Så langt har vi ikkje funne ei einaste skjønnlitterær bok av norsk forfattarar, det meste er omsette, glansa bøker.
Når det gjeld bøker for vaksne, var det derimot eit utval av norske forfattarar.
– Posten Norge har ein avtale med Interpress AS om levering av boksortiment som blir seld ved utvalde postkontor. Det svarar Asle A. Nilsen, leiar Kjedekonsept i Posten, på spørsmålet om kvifor dei ikkje har skjønnlitterære barnebøker av norske forfattarar.
– Vareutvalet på postkontora er meint å vere eit tilleggssortiment til post- og banktenestene, som utgjer basis-/hovudtenestene for postkontora. Den siste tida har vi redusert dette tilleggsutvalet til å omfatte kontorrekvisita, bøker og nokre kampanjerelaterte varer, seier han.
– Kva bestemmer utvalet av barne- og ungdomsbøker som er til sals på postkontora?
– Dette utvalet blir dagleg styrt av Interpress.
– Er utvalet gjort ut frå kva som er billig nok til å seljast på eit postkontor?
– Sortimentet blir regelmessig evaluert og tilpassa i samarbeid med Posten og Interpress.
– Har Posten vurdert barnebøker av norske forfattarar?
– Det er fokus på å ha eit utval av aktuelle forfattarar, “ti på topp” titlar, og sjølvsagt også bøker av norske forfattarar.
– Kan det vera ei oppgåve for Posten også å ha barnebøker med litterær kvalitet i utvalet på postkontora? Sjølv om det er Interpress som bestemmer utvalet, men Posten kan kanskje påverke?
– Vi takkar for innspela, og vi vil ta desse med vidare i våre møte med Interpress. Som du sikkert kjenner til, vil Posten Norge innan utgangen av 2014 erstatte 149 postkontor med Post i Butikk.