Det er ikkje mange morosame kapittel i grøssarbøkene mine om Svarte-Mathilda. Faktisk er det berre to stader i heile den første boka der det er noko å le av, og begge desse passasjane har eg lese høgt for tusenvis av elevar. Nokre ler høglydt, mens andre sit stille som mus. Kvifor? lurer eg på. Er det fordi det er mest skummelt? Eller fordi dei har slik respekt for meg? Eller er dei så godt disiplinerte at dei ikkje tør? Eller har dei rett og slett veldig dårlig humor? Mest sannsynleg ei blandig av alle desse.

Derfor er det veldig godt å møte klassar som faktisk ler høgt og godt av desse litt makabre spøkane som er har lagt inn i teksten. Barnelatter er smittande og varmar ein skummel og svartkledd forfattar. Det gjer derfor minst like vondt å høyre ein lærar som hysjar på dei, fordi dei ler! Det er sikkert godt meint, men la ungane få le! Dei er ikkje maskinar. Nokre ler også som ein forsvarsmekanisme mot det skumle i teksten, det som nokre av dei heilt sikkert kjem til å få mareritt av. Det blir litt mindre farleg om ein kan le av det. 

Eg vil i denne samanhengen få nemne ein skule eg var på for nokre veker sidan. Ein liten skule med åtte elevar langt ute i havgapet på Sørburøy i Sør-Trøndelag. Her lo dei godt og lenge av dei makabre forteljingane eg serverte, og dei likte det skumle og det ukjente. Dei lo av ting ingen andre har ledd av før, formuleringar og replikkar som eg hadde begynt å tru at berre eg synest var morosame. Det gjorde ekstra godt.