Historieforteljaren

Dette er andre del av intervjuet eg gjorde med Tom Egeland under Litteraturfestivalen på Lillehammer no i vår. Egeland er noko veldig mange drøymer om å bli, nemlig ein bestseljande forfattar. Han kallar seg sjølv historieforteljar, og det er kanskje her nøkkelen til suksessen ligg? Du må ha ei god historie å by på.

Med fare for å trakka mange kollegaer hardt på tærne no, så slenger eg ut følgjande påstand: I nye norske romanar er generelt for mykje ”fint” språk, og for lite vekt på det handverket som skal til for å fortelja ei god historie på ein engasjerande måte. Eg trur at det er grunnen til at så mange søker seg til krimbøkene. (Og eg trur dette er grunnen til at stadig fleire vaksne vil få augene opp for fantasyromanar også) Folk vil rett og slett ha ei god historie. Gjerne med godt språk på toppen!

Eg trur mang ein forfattar kan læra mykje av å lesa krimbøker og å tileigna seg kunnskap om korleis ein byggjer opp ei historie. Då eg var ung og enno større i kjeften enn det eg er no, så uttalte eg til Bergens Tidende at det ikkje er nok med godt språk viss ein ikkje kan fortelja ei god historie. Det var like meiningslaust som å vifta med ei flott motorsag utan å kunna bruka den til å saga ned tre med. Eg står framleis for dei orda.

Mitt inntrykk er at ein tenkjer på dei språklige finessane ved eit verk som kunst, mens historieforteljing blir sett på som eit handverk. Handverk er kanskje ikkje så fjongt, men eg set i alle fall pris på godt handverk på alle plan. Eg les heller ei bok med ei spanande historie og språklig rusk, enn ei bok med mykje språk og lite handling.

Gjennomføringsevne

Den andre viktige ingrediensen som skal til for å skriva ei bra bok, er at du må setja deg ned og skriva den. Du må rett og slett ha gjennomføringsevne. Viss du vil skriva, skriv.