Følgende artikkel av forfatter, kritiker og oversetter Anne Karin Torheim sto på trykk i Syn og segn nr. 3/08. Her på bloggen er teksten delt i to; del 2 finner du HER.
”NÅR ALT KJEM TIL ALT, VAR DET LETT Å DREPE MOR MI.” Om Alice Sebolds romanar. (Del 1)
Setninga overfor blei ikkje kviskra til meg ein sein kveld av ei god venninne i krise. Heldigvis. Derimot er det opningssetninga i romanen Nesten evig av den amerikanske forfattaren Alice Sebold (1963-).
Boka kom ut på Samlaget i 2008 – omsett av underteikna. Slik sett kan eg ikkje heilt fråskrive meg ansvaret for overskrifta her som i original går slik: When all is said and done, killing my mother came easily.
The Almost Mooner originaltittelen, og dette er Sebolds andre roman som, då den kom i 2007, straks blei ein bestseljar både i England og USA . Også den første romanen hennar, The Lovely Bones (2002), blei ein bestseljar og kom på norsk i 2004 med tittelen Alle mine kjære og med same omsetjar. Alle mine kjære er også filma. Regien er ved ingen ringare enn Peter Jackson og produsent er Steven Spielberg. Og Susan Sarandon har ei av hovudrollene.
No er ikkje eg med mitt skeptiske sinnelag den som trur at bøker som blir filma alltid er skrivne av gode forfattarar. Når sant skal seiast er eg heller ikkje ein hund etter bestseljarar. Og la det vere sagt med ein gong: Det er ingen samanheng mellom bestseljarar og litterær kvalitet – verken på den eine eller andre måten. Og med omsyn til litterær kvalitet har eg vel heller oppsøkt den slags i den europeiske litteraturen enn i den nordamerikanske, for å seie det slik.
Når eg no likevel slår i bordet og hevdar at den amerikanske forfattaren Alice Sebold er ein god forfattar som skriv gode bøker, så bør det vel også seiast eitt og anna om kvifor eg meiner dette.
Ettersom eg har omsett bøkene hennar til norsk og såleis har vore i nærkontakt med dei over tid, har eg sjølvsagt hatt godt høve til å sjå forfattaren etter i saumane og bør kunne seie noko om kva eg har sett. Eg skal derfor forsøksvis svare på følgjande to spørsmål:
1. Kvifor er Nesten evig ein god roman?
2. Kvifor er Nesten evig blitt ein bestseljar?
No kunne eg skrive om form som svar på det første spørsmålet og om innhald som svar på det andre spørsmålet. Men det ville bli feil, ettersom form og innhald i praksis er så avhengig av kvarandre, så innfiltra i kvarandre at det ikkje går an å skilje mellom omgrepa utan å abstrahere grassat, og det har eg ikkje lyst til fordi det kan verka direkte misvisande. I alle fall er det slik når det er snakk om Nesten evig fordi romanen er likeså mykje språkstyrt som handlingsstyrt. Dette er med på å skape det eg vil kalle eit organisk romanunivers – noko som krev at forfattaren også brukar språket som eit materiale og ikkje berre som eit instrument.
ORGANISK ROMANUNIVERS
Men kva tyder eit organisk romanunivers? I praksis? Det tyder blant anna at når ein roman startar ut med opningssetninga: Når alt kjem til alt var det lett å drepe mor mi, slepp ikkje forfattaren unna denne dramatiske opplysinga utan, på ein eller annan måte, å legitimere den. Og framhaldet går slik:
Etter kvart som demens får utvikle seg, kjem kjernen i den ramma personen meir og meir til syne. Kjernen i mor mi var ròten som ei vekes gammalt brakkvatn på botnen av ein vase med blomstrar.
Ikkje mykje small talk her, men rett på sak. Ei slik opning forpliktar med andre ord, og Sebold tar forpliktinga på strak arm i og med at eg-forteljaren og hovudpersonen hennar, Helen Knightly, som på notidsplanet er 49 år, skilt med to vaksne døtrer fortel med stort litterært truverde om korleis det kunne gå til at ho blei modermordar. På slutten av første kapittel, får vi også vite i detalj korleis ho gjorde det. Når ein forfattarar maktar å sannsynleggjere motivasjonen for eit slikt brotsverk og også vekke sympati for moderaren, så vil eg påstå at ho har gått ut av den beskyttande kokongen der livsløgna ofte heldt oss innestengde og inn i den verkelege verda. Såleis har Nesten evig heile tida ei forankring i realistiske situasjonar. Ja, det er i botn og grunn ein realistisk roman.
På aristotelisk vis går handlinga føre seg i løpet av eit døgn og er lagt til eit forstadsområde i Philadelphia, Pennsylvania, der Helen no bur, og der ho også voks opp. Det kan opplysast om at Sebold sjølv voks opp i ein forstad utanfor nettopp Philadelphia, og såleis har forfattaren god kjennskap til området der handlinga utspelar seg.
I løpet av boka får vi vite kva Helen gjer i den dramatiske unntakstilstanden etter den definitive ugjerninga. Men vi får også mange tilbakeblikk på barndom og oppvekst, ekteskapet og yrkeslivet hennar. Her er altså ei spennande handling på notidsplanet som i eit skodespel av Ibsen, og som i eit skodespel av Ibsen får vi informasjon om fortida til dei agerande – først og fremst hovudpersonen Helen og mor hennar. Ja, det er ikkje til å stikke under stolen at mor/dotter-temaet står heilt sentralt i romanen slik opninga signaliserer. Men far til Helen spelar også ei viktig rolle. Og familiesituasjonen til einebarnet Helen pregar også det vaksne livet hennar slik den slags også gjer utanfor fiksjonen, i det verkelege liv. Dette blir for eksempel demonstrert gjennom forholdet til eksmannen hennar, og dei to døtrene dei har saman og i forholdet til bestevenninna Natalie. Mor til Helen var fotomodell i sin ungdom og hennar fokus på utsjånad som ein ganske altoverskyggande livsverdi får sine negative konsekvenser, som også kan lesast i eit visst samfunnskritisk perspektiv. Sjølv jobbar Helen som aktmodell på eit kunstakademi.
Om familien som tema seier Sebold sjølv i eit intervju like etter at romanen kom ut: ”They define us even if we work against what they give us or tell us or how they behave. It is a brutal reality: there is no escape.”
DET EINE TEK DET ANDRE
Heile tida er det altså opplysinga i opningssetninga som ligg til grunn for det som blir fortald – anten det gjeld notid eller fortid. Slik sett er det klart at Sebold ikkje er ein forfattaren som peikar på dramatiske hendingar utan å ta konsekvensen av det og berre fjasar vidare slik ein svakare forfattar gladeleg ville ha gjort, og som det finst mange og gode eksempel på i samtidslitteraturen. Og alle har vi vel sett filmar med action for actions eige skuld – som ein slags parallell til kunsten for kunstens eiga skuld. Men det er ikkje berre forfattarens innsikt i eksistensielle labyrintar som ligg til grunn for at Sebold følgjer ”den ideale fordring”. (Ibsens sitt uttrykk frå Vilanden brukar eg her i tydinga å følgje visste etiske spelereglar når det handlar om det estetiske.) Minst like viktig er språkhaldninga som syner seg i det praktiske språkarbeidet hennar, det vil seie i korleis ho skriv fram scenene, tilbakeblikka og dialogane.
Nesten umerkeleg vekslar Sebold mellom notid og fortid fordi ho gjer det på eit så smidig og elegant vis. Og desse skifta mellom notid og fortid er blant anna ein demonstrasjon av det språkstyrte arbeidet hennar. Eg kunne også kalle det den skjønnlitterære stilen hennar. Og skjønnlitterær stil er ikkje noko som oppstår sånn utan vidare. Det er meir snakk om arbeidsprosessar som tar si tid og krefter. I så måte er det verdt å merke seg at Nesten evig kom ut 5 år etter debutromanen.
Som eksempel på veksling frå notid til fortid kjem her eit lite utdrag frå første kapittel av i alt femten kapittel. Eg-forteljaren Helen finn mor si på følgjande vis denne dagen:
Mor mi sat som ein totempåle i den stoppa raude og kvite øyrelappstolen. Der hadde ho sete dei siste tjue åra, det vil seie sidan far min dødde. Ho blei sakte gammal i den stolen, slutta først med å lese bøker og med stramei-broderiga si. Og då synet hennar begynte å svikte, såg ho på tv frå morgonen til ho sovna framfor skjermen etter kveldsmaten. I fanget hadde ho ofte dei tvinna garndokkene som den eldste dotter mi, Emily, enno sendte kvar jul og ho kjælte med dei slik somme gamle kvinner kjæler med kattar.
Det høyrest enkelt og tilforlateleg ut slik teksten flyt avgarde som ei form for ”det eine ordet tar det andre.” Men samtidig som det er effektivt med omsyn til informasjon, for eksempel om når faren dødde, så følgjer informasjonen ei slags språkleg assosiasjonsløype som har si sanselege forankring i ordet ”øyrelappstolen ”. Det er ved hjelp av fokuset på denne stolen at lesaren kan danne seg bilder av moras degenerering gjennom mange år. Stolen bind notid og fortid saman. Det verkar opplagt og enkelt på papiret, men slikt er språkstyrt skildring med tydeleg forankring i tid og rom – noko som syner at vi har med ein svært så realistisk roman og gjere.
Eit utdrag til frå litt lenger ute i same kapittel:
Eg gjekk bort til vindauget og begynte å dra opp metallpersiennene med det meir og meir slitne tøybandet som enno heldt dei saman. Utanfor var min barndoms hage så overgrodd at det var vanskeleg å sjå føre seg dei opprinnelege formene på busker og tre, og plassane der eg hadde leika med andre barn, før det begynte å gå rykte i nabolaget om oppførselen til mor mi.
”Ho stel,” sa mor mi.
Eg stod med ryggen til henne. Eg såg på ein slyngplante som hadde klatra inn i det store nåletreet i hjørnet av hagen og gøymde skuret, der far min ein gong hadde styrt med trearbeid. Han likte seg alltid best inne i det skuret. På mine mørkaste dagar hadde eg begynt å sjå han føre meg der inne medan han pussa dei runde trekulene med sandpapir, noko som hadde erstatta alle dei andre prosjekta hans.
”Kven stel?”
”Den hurpa.”
Eg visste at ho snakka om fru Castle, som dagleg passa på at mor mi kom seg opp av senga.
Vi ser igjen denne effektive språkbruken som skjærer igjennom og kjem tett på tinga, på det konkrete dvs materialiteten, for å bruke eit fint ord.
Metaforbruken blir sjølvsagt også eit utrykk for denne effektive, litterære stilen hennar. Den skjer også igjennom – avslører i staden for å dekke til. Eg minner for eksempel om den tidlegare siterte opninga: Kjernen i mor mi var ròten som ei vekesgammalt brakkvatn på botnen av ein vase med blomstrar. Og for å halde fram med skildring av mora: – mor mi var ein oppbrukt sekk med knoklar som stinka av drit.
Mor til Helen brukte også å ynke seg utan grunn. Om dette skriv Sebold: Notane til denneynkinga blei orkestrert for å vekke sympati.Sjølv synest eg dette var ei god forklaring, men språkvaskaren på omsetjinga bad meg omformulere det – truleg fordi han synest det blei for rart. Det ville eg ikkje. Og originalen går slik: It was a moan the notes of which were orchestrated to elicit pity.
For meg var kanskje det viktigaste ved omsetjingsarbeidet å ikkje miste forfattarens stemme på vegen, dvs særpreget, den litterære stilen hennar. I iveren etter å få alt klart og tydeleg for norske lesarar må ein passa på så ein ikkje kjem i skade for å rasjonalisere vekk nettopp det som pregar litterær kvalitet – som langt på veg er det same som litterær stil.
19. oktober Medlemsmøte NBU 16.-20. oktober Bokmessen i Frankfurt. 1.- 9. november Falturiltu
Lederbrev
Bokhøst og bekymringer 18. september 2024
Aller først: NBU gratulerer Tor Åge Bringsværd som er utnevnt til kommandør av Den Kongelige, Norske St. Olavs Orden for sitt forfatterskap. Bringsværd er den fjerde barne- og ungdomsbokforfatteren som har mottatt utmerkelsen (etter Egner, Vestly og Gaarder). Det var styret i NBU som tok initiativet til å anbefale Bringsværd til utmerkelsen, og det var med stor glede vi mottok nyheten før sommeren. Onsdag 28. august ble Bringsværd behørig feiret i hjemlige trakter på Vestby Kulturkvartal.
Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU) er en selvstendig forening grunnlagt i 1947. Foreningens formål er å ivareta norske barne- og ungdomsbokforfatteres faglige og økonomiske interesser, samt å verne og fremme norsk barne- og ungdomslitteratur. Les mer
PERSONVERNERKLÆRING for Norske Barne- og ungdomsbokforfattere