Den nye kulturminsteren kan vera tilfreds med kulturdelen i årets statsbudsjett

I årets statsbudsjett går 9,95 milliardar kroner til kultur, det er ei auke på 889 millionar. Tilskota til språk, litteratur og bibliotek aukar med 32,4 millionar for 2013. Den kulturelle skolesekken aukar med 14 millionar.  Nasjonalbiblioteket får ei auke på 20,4 millionar kroner. 3,9 milionar går til Nynorsk kultursenter.

I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, det skal markerast med eit nasjonalt språkår.  Til grunnfinansieringa av Språkåret bidrar Kulturdepartementet med eit tilskot på 6,5 millionar over statsbudsjetta for 2012 og 2013.

Samla blir det foreslått 874 millionar kroner til språk, litteratur og bibliotekformål i årets budsjettframlegg. Kulturdelen i statsbudsjettet er nå på 0,96 prosent av totalen, og det er nesten ei dobling frå 2005. Kulturdepartementet kallar statsbudsjettet det beste nokonsinne.

Ein auke til kulturen var forventa i år.  Da Anniken Huitfeldt omfordelte tippemidlane slik at idretten fekk ein større del, lovde ho at kulturen skulle få sitt over statsbudsjettet

Les pressemeldinga frå Kulturdepartementet her: