Når bileta fortel

Kanskje særlig når det gjeld barnebøker er det korleis boka ser ut, om vi synest den er fin, som er avgjerande om ein skal kikka nærmare på den og kanskje kjøpa den.  I vår var eg i Bergen og møtte illustratøren Gunvor Rasmussen. Ho er ein av dei som står bak tre kritikarroste prisløna praktverka: Godnattboka, Eventyrboka og Trøysteboka frå Skald Forlag.

Eg trur noko av grunnen til at eg likar Gunvor sine illustrasjonar så godt, er at ho er flink til å finna opningar i teksten der ho kan smetta inn sine illustrasjonar og på den måten er med og utvidar teksten. For meg er halve betalinga for teksten eg skriv å sjå måten ho illustrerer teksten. Måten ho gjer det på er heilt uventa.

Sist veke fekk eg ein hyggelig e-post frå redaktøren for bøkene, Simone Stibbe, ho lurte på om eg ville vera med å bidra til neste bok også. Eg ropte jippi, og svarte straks ja. No går eg og rugar på ei historie som eg håpar å ha ferdigskrive alt før jul.

 

Viss du er meir nyfiken på Godnattboka, Eventyrboka og Trøysteboka, så kan du klikka på denne lenka her og lesa ei sak eg har laga om antologiar. Der er Simone Stibbe ein av redaktørane eg intervjuar.