Forfattar Gro Dahle og illustratør Svein Nyhus er to av dei norske forfattarane og illustratørane som er nominerte til ALMA-prisen for 2013.  Dei andre er forfattarane Harald Rosenløw Eeg og Bjørn Sortland og illustratørane Fam Ekman og Øyvind Torseter.

I alt 207 kandidatar frå 67 land er nominerte til denne største barnebokprisen i verda, Astrid Lindgren Memorial Award.

ALMA-prisen er ein litteraturpris til minne om Astrid Lindgren, og er ei internasjonal utmerking for arbeid med barnebøker. Den blir delt ut til barnebokforfattarar eller illustratørar, men kan også delast ut til organisasjonar som fremjar lesing blant barn og unge.

Prisen, som blir delt ut kvart år, er på 5 millionar svenske kroner, og dermed er det den største pengeprisen for barne- og ungdomslitteratur og også  verdas og nest største litteraturpris.

ALMA-prisen vart oppretta av den svenske regjeringa i 2002, og blir administrert av Den svenske statens kulturråd og det svenske kulturdepartementet.

For 2012 gjekk prisen til den nederlandske forfattaren Guus Kuijer.