Etter katastrofen
I fjor haust debuterte Jan Henrik Nielsen med boka Høsten. Ei postapokalyptisk historie om to søstrer som har budd saman med far sin i total isolasjon i ein bunkers ute på ei øy etter at ein epidemi har utrydda det meste av befolkninga. Då faren viser teikn på å bli sjuk, må jentene dra avgarde for å skaffa medisin og redda faren. Boka fekk gode kritikkar og er seld til utlandet. Boka var min absolutte favoritt blant alle norske debutantar i fjor.
Eg vil med ein gong opplysa om at Jan Henrik Nielsen vann NBU sin debutantpris Trollkrittet for Høsten. Som medlem (og leiar) av NBU sitt litterære råd, var eg med på å dela ut denne prisen. Så på den måten er det ingen løyndom at dette var rådet sin favorittdebutant. Trollkrittet blei delt ut for første gong i 2011, og då var det Cecilie Treimo som vann prisen for sin debut Løpe baklengs. Dette er også ei bok som er vel verd å sjekka ut.
Den lange vegen til debuten.
Det slåande med Høsten, ved sida av at det er ei sterk og spanande historie, er at forfattaren verkar så røynd. Då eg sa dette til Jan Henrik så kunne han fortelja at han hadde skrive mykje og lenge før denne boka kom. I årevis hadde han halde på med diverse tekstar meint for vaksne, men det losna først då han bestemte seg for å skriva denne historia for barn og unge. Jan Henrik si historie er på den måten eit døme på debutanten som brukar lang tid før debuten, det er verd å tenka på i ei tid der alt skal gå så fort. Av og til er det sakte som gjeld, jamnt arbeid over lang tid.
Så viss du er ein som drøymer om å debutera som forfattar, ikkje fortvil om det tar lang tid. Om du får nei frå forlaga på dei første forsøka. Ikkje gi opp!
Stor interesse
Boka til Jan Henrik har ikkje berre vekt interesse i Noreg, den er også seld til utlandet, mellom anna Frankrike. Den blei nominert til Uprisen og fekk gode kritikkar, mellom anna på Barnebokkritikk.no der dei kallar boka «En aldri så liten åpenbaring».