Drosjesjåførane på Bryne er ikkje som andre drosjesjåførar!

I 2008 kom spelet Burnout Paradise ut til Playstation 3 og XBOX360, og eg skal innrømme eg har brukt nokre timar i den virtuelle byen Paradise City. Spelet er eit heftig bilspel der målet er å kjøre som ein tosk og få poeng for det. Fin trening for oss som ikkje har lappen. Spelet er krydra med musikk, deriblant den ikoniske låten Paradise City av Guns N`Roses, frå det glamorøse åttitalet. 

Det er ingenting glamorøst med å vere på forfattarturné på mellomtrinnet. Av og til får eg skrive autografar, og mange elevar likar det eg driv på med. Men som regel er det lange ettermiddagar der ein jobbar med tekst og prøver å halde seg vaken.

For oss som ikkje har lappen blir det og ein heil del både lange og korte drosjeturar. Som regel er dette ei roleg stund, med svært lite pratsame sjåførar med utanlandsk bakgrunn. Nokre av dei skil seg sjølvsagt ut, som sikhen i Drammen som prata om været og fotball som om han aldri hadde gjort noko anna. Og jærbuen med eksotisk bakgrunn som orsaka seg for at det var så mykje vegarbeid. Det er ikkje din feil, sa eg. Eg har god tid. 

Men i dag opplevde eg noko eg ikkje har vore borti før, og som fekk meg til å tenkje på Burnout Paradise-spelet. Kvinneleg drosjesjåfør, tør ikkje tippe alder, men ho sa «Yes!» då dei annonserte at det snart kom ein song med Rhianna på radioen. Eg merka fort at dette var eit menneske som hadde det travelt. Ho kjørte konsekvent i seksti i førtisona, ho laga bremselydar med munnen då ho måtte bråbremse for ein bil frå høgre. «Hørrte du Hollywood-skrensen?» sa ho og lo godt. Eg bekrefta at eg hadde høyrt det, og lurte på korleis dette skulle gå. 

Rhianna tona ut, og Guns N`Roses med Paradise City fylte den wunderbaumduftande bilen, vegane blei opnare og flatare, gasspedalen gjekk lenger og lenger ned i golvet. Var glad eg hadde sikkerhetsbeltet på. Sjåføren skrytte av kor fort ho pleidde å kjøre, eg nikka og heldt meg fast. Såg for meg nokre av dei utrulege stunta eg hadde gjort i Burnout Paradise, såg og for meg nokre av dei spektakulære kjedekollisjonane eg hadde forårsaka. Axel Rose gjekk opp i fistel!

Plutseleg sakkar ho av. «Helvede, faen! Politikontroll!» Kor hen? tenkte eg og såg meg rundt. Det viste seg at nokre av drosjekompisane hennar tipsa henne om ein kontroll eit stykke framme. «Får vel hålla meg te fartsgrenså, då. Har `kje råd te å få flærne prikkar!»

Sikkert ein god idé, tenkte eg. 

Eg tok toget tilbake.

Forfattarturné er kanskje ikkje glamorøst, men av og til kan det vere spennande, likevel.