– Eg kjenner meg ikkje heilt som forfattar.  Nokon skreiv ein gong at eg var ein barnebokskapar, og eg kjenner at eg kan relatera meg meir til det. Det seier Anna Rommetveit Folkestad, som nyleg vart vortert inn som medlem i NBU.

Folkestad debuterte i 2011 med boka «Henrik And».  Seinare har ho gjeve ut to bøker om Unni og Gunni, den tredje kjem i januar 2013. Bøkene er nok for dei aller minste og dei som nett har lært seg å lesa, fortel ho.

– Kvifor valde du å skrive for den målgruppa du skriv for?

 – Eg vil gjerne vere med på når ungane oppdagar bøkene. Lage nokon av dei første bøkene dei møter. Eg håpar å lage bøker dei vil lese omatt og omatt, og som dei får gode minne om. Born i målgruppa til bøkene mine gir så mykje av seg sjølve. Dei er så opne og fantasifulle små menneske. Eg prøver også å treffe dei vaksne som skal lese bøkene, det er trass alt dei som skal lese bøkene (forhåpentlegvis) omatt og omatt for dei minste:)

– Kvifor ville du blir forfattar?

– Som sagt, eg kjenner meg meir som ein barnebokskapar.  Og ein barnebokskapar har eg ville bli sidan eg sat med mitt første barn på fanget og hadde gode stunder saman medan me las. Dette ville eg også gjerne prøve å skape. Gode stunder. Men det var ikkje før i 2010 eg hadde mot nok til å senda inn manus og illustrasjonar til Samlaget. Det var då eg var klar til å få eit nei, eg våga å prøva meg.

 – Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?
 
–  Nett no kjenner eg meg så fersk inni denne bokverdenbobla, eg lærer noko nytt kvar veke. Men etter kvart så kjem det heilt sikkert noko som kjem til å engasjera meg:)
 
Etter det eg har skjønt, så er det lovnaden om ei boklov som er den store saka for tida:) 

 
– Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?
 
–  Då teiknar eg,  les eller heklar. Og så noterer eg ned idear som eg kan skrive om når eg ikkje teiknar, les eller heklar:)
 
– Kva forventningar har du til NBU?
 
– Eit felleskap der eg kan dela mine erfaringar og som eg kan bruka til å få litt tips og sjørøvertriks når eg treng det.
Treffe andre mennesker som held på med det same som eg.
Og så må eg jo få sei at eg allereie har fått veldig god hjelp frå NBU om ulike saker som eg har lurt på:)