Røsslandske grøss

Det er mange som likar å lesa bøker som får det til å gå kaldt nedover ryggen, men korleis kan ein skriva ein skikkelig god grøssar sjølv? Eg har snakka med forfattaren Tor Arve Røssland som har opplevd stor suksess med sine bøker om Svarte-Mathilda. Og det er kanskje inga overrasking at han likar å skremma lesarane sine.

Tor Arve likar ikkje berre å skriva skremmande, han likar å lesa skumle bøker og å sjå skrekkfilmar. Det er nok denne interessa som har fått han til å skriva grøss sjølv. Så viss du er glad i grøss og gru, så har kanskje du også talent for å skriva historiar som dei om Svarte-Mathilda?

Meir grøss

Bøkene om Svarte-Mathilda er fort lesne, og derfor byr eg på nokre tips til deg som er sugen på fleire skumle leseopplevingar. Sjekk ut serien Marg&Bein som er skrive av Ingunn Aamodt, Jon Ewo og Arne Svingen.

Heine T. Bakkeid sine bøker i serien Dr Schnabels krønike får det også til å gå kaldt nedover ryggen på lesaren. Ein smule «koseligare» spøkelser møter du i Hilde Hagerup sine bøker om Spøkelsene på Frostøy.

God grøss!

 

PS: Og viss de no lurer på om Tor Arve og eg er i slekt sidan me har same etternamn, så kan eg røpa at det er me ikkje. Men me latar av og til som om me er det, og skrønar saman ulike kompliserte slektsforhold.