Eit vanskeleg spørsmål. Kven er snillast av far og mor? Knut er åtte år og ligg på sjukehuset. Her er sprøyter, sjukesøstrer og blodbehaldarar. Men Knut er ikkje redd for sprøyter eller blod. Knut tenkjer på far og mor. Han lurer på kvar mor er. Og det er noko han ikkje forstår.

Øystein Espe Bae skriv mellom anna dette om boka på Barnebokkritikk.no:

«Teksten gir ikkje noko tydeleg svar på kven som er snillast. Ein kan knappast kritisere ei mor for å vere lite snill berre fordi ho er vekkreist med jobben når sonen er innlagt på sjukehuset: «Mor jobbar med bank og finans, det vert lange dagar
med mykje reising utanlands.» Men fleire ting tyder på at mammaen til Knut er fråverande i meir enn den fysiske tydinga. Ho er «ofte ganske stressa, nokre gonger litt fjern.» Er det nok til å kome på andreplass i kåringa av den snillaste? 

Lesaren må gjere koplingane sjølv, og tvingast til å reflektere rundt kven som er snillast. Knut blir glad då han får ein Dachs av mor i gåve, men kan hunden sjåast som eit substitutt for det tomrommet ho sjølv er med på å lage? Kjøper ho seg godt samvit og godvilje? Det får lesaren ikkje vite. »

Dette er den første barneboka til Inger Bråtveit, som før har gjeve ut to romanar og ei diktsamling for vaksne.

Illustrasjonane i boka er det Thomas Nordby som har laga.