Alltid klar for å læra nye ting!

Endre Lund Eriksen debuterte i 2002 med boka Pitbull-Terje går amok. Han har etter det skrive bøker og filmmanus i eit tempo som kan ta pusten frå dei fleste. Og ikkje nok med det han har vunne ei rekke prisar, bøkene sel godt og er omsett til ei rekkje språk. Kor tar han det frå?

Endre Lund Eriksen er eit godt eksempel på at det ikkje held med eit guddommelig talent. Sjølv om Endre utvilsamt er talentfull, så er han også heile tida på jakt etter ny lærdom og han er sin eigen strenge sjef. Jobba hardt og mykje er hans oppskrift.

Skrivekurs

Videoopptaket er gjort i Stockholm der me i helga begge var på eit skrivekurs med ein amerikansk screenwriter, altså ein som jobbar med å skriva for film. Det var ikkje verdas beste kurs, så eg unngår å reklamera for det her. Men sjølv om ikkje kurset var heilt toppen, så fekk me i alle fall nokre nye verktøy til å bruka i framtidige bokprosjekt. Så sjølv om ein er ein erfaren forfattar, er det ingen skam i å gå på kurs.

Faglitteratur

Sjølv om det er mykje rart som kjem frå USA, og ikkje alt passar like godt, så har eg sjølv hatt stor glede av å lesa bøker som The Writer’s Journey av Christopher Vogler og Story av Robert McKee, sistnemnte har Endre Lund Eriksen vore på kurs med og det var visst veldig bra. Men eg fann også mykje smart hos gode gamle Aristoteles, og Constantin Stanislavski sine bøker er heller ikkje bortkasta tid å lesa.

Vil du bli betre på å skriva og er klar for litt nørding, så kan du begynna med å kjøpa desse bøkene og studera dei nøye. Det er sjølvsagt ikkje er nok for å bli like flink som Endre, for kva var den andre tingen han sa? Jo, at du må jobba veldig mykje.

Så no sluttar eg dette blogginnlegget for å jobba!

PS: I denne videoen fortel Endre Lund Eriksen om den nyaste boka si «Den sommeren pappa ble homo»