Unge forfattarar til unge lesarar!

Til Ungdommen frå ungdommen, ja det er i grunnen logisk. Forfattaryrket er kanskje den delen av underhaldningsbransjen der ein legg større vekt på å vera gamal og (får ein håpa) klok enn å vera ung, frisk og rebelsk? Sjølv om eg personlig meiner at for å bli ein verkelig dyktig forfattar så treng ein lang modningstid, så er det ingenting i vegen for å begynna tidlig. Anette Sivertstøl i Panthera Publishing lar pur unge talent få sleppa til.

(Seier med det same «huff da» over dårlig kvalitet på videoen. Den er filma med ustødig iPhone…)

Dette intervjuet gjorde eg i vår. Det at det har teke meg så lang tid å klippa det saman og legga det ut her på bloggen, er vel ikkje nett god reklame for at det har sine fordelar å bli gamal og treg….

Ei svært viktig målgruppe

Vel, det kjem stadig nye bøker ut på Panthera Publishing. Forlaget har runda tre år, og det er ikkje verst for ein nykommar i ein stadig tøffare bokbransje. Det dette forlaget gjer, som eigentlig ingen andre norske forlag gjer, er å satsa ordentlig på målgruppa unge vaksne. Bøker som er skrive for unge mellom 16 år og 26 år, er ei mangelvare. Då og då blir det skrive om og for ungdommar som er eldre enn 16 år, men det er ofte problematisk å marknadsføra dei. Spørsmålet blir ofte om det er snakk om ei ungdomsbok eller ei vaksenbok. Vil boka vera for vaksen for ein trettenåring som også er ungdom? Eller er den for «barnslig» til å bli gitt ut som vaksenroman sjølv om den handlar om nokon på 19-20 år? Eg hamna sjølv mellom to stolar då eg gav ut Viss du vil i 1998. Boka var ikkje heilt ei ungdomsbok, men ikkje heilt vaksenbok heller.

Viss du som les dette berre har lyst til å skriva og skriva, så håpar eg at du vil ta mot til deg å sjekka ut Panthera Publishing og kanskje senda dei eit manus. Det kan vera viktig å starta tidlig om ein skal bli ein god forfattar.