Endeleg nokre korte veker med ferie frå det hektiske turnélivet. Då blir det tid til å lese nokre av dei bøkene eg skulle ha lese, og redigere litt, kanskje til og med få tid til å gå ein tur! Men kva gjer eg? Reiser på litteraturfestival. Ikkje berre éin, men to litteraturfestivalar!

Først ute var Falturiltu – nynorsk barnebokfestival på Stord frå 6-9 november. Det starta forsiktig med besøk på Sagvåg skule og Litlabø bibliotek. Kjekke besøk der eg fekk gjenopplive barnebokhelten min Pode for engasjerte tredjeklassingar og entusiastiske bibliotekarar. Så var det redaktørmøte og øving med bandet mitt etterpå. Band? seier du. Ja, seier eg.

Onsdagen hadde eg tre framsyningar med musikarane Jarle Kristoffersen (cello) Grete Hylland (tverrfløyte) og Magnus Blom (piano). Dei tre utgjer dei sære aktive og veldig dyktige Trio Vest. Eg las meg gjennom heile boka «På rømmen i New York,» (med nokre små endringar i teksten) mens Trio Vest spela både Frank Sinatra og song opera. Ungane var frå andre til femte trinn, og såg ut til å kosa seg. Vi som framførte fekk i alle fall meirsmak, og funderer å søkje oss inn i Den kulturelle skulesekken med opplegget. Tanken på å reise på turné med band er veldig forlokkande.

Dagen etterpå var det Norsk Barneblad som skulle feira 125-årsdagen sin. Eg og Helga Gunerius Eriksen las våre ting, ein flunkande ny og nynorsk bursdagssong blei avduka og vi åt is og kaker saman med ungane. Etterpå var det gruverock på Litlabø, etterfølgd av middag og raudvin på Frugård, slik som det skal vere på Falturiltu. Om du ikkje veit kvar desse stadene er, så må du reise til Stord å finne det ut.

Fredagen var eg kanskje på djupast vatn, eg skulle halde føredrag om barnefilm, og då spesielt om filmatiserte bøker. Eg lurte litt på om dette var noko eg var kvalifisert til å gjere? Strengt tatt er eg jo det. Eg har hovudfag i filmvitskap, og mellomfag i litteraturvitskap, eg har skrive bøker og eg har sett uvanleg mykje barnefilm. Oppmøtte studentar og bibliotekarar såg i allefall ut til å vere begeistra for å få nokre originale tips til kva filmar dei kan nytta i undervisinga. Så eg er spent på om den oppvoksande generasjon på Stord vil gå med minner om Stand by Me og Kikujiros sommer i mange år framover. Andre filmar/bøker eg snakka om var Mitt liv som hund, Astrid Lindgren: Emil, Lotta og Ronja Røvardotter, Roald Dahl: Danny og den store fasanjakten og Matilda, Vaffelhjarte, Ringenes herre, Hunger Games, Hobbiten og Coraline av Neil Gaiman. 

Laurdag 11. november var det tid for ny festival. WT Litteraturfestival på Os. Berre nokre minutt frå der eg bur på Halhjem. Eg hadde skrivekurs for seks ungdommar frå elleve til seksten år, og synest det gjekk rimeleg bra. På kvelden var det festmiddag med etterfylgjande prisutdeling. Sjølv vart eg tildelt årets Jafs-pris, som festivalens beste (og einaste) horrorforfattar. Prisane vart utforma av sjølvaste Vidar Bratlund-Mæland, og det var kunstnaren sjølv som delte ut prisen. Dette var gjevt og veldig kjekt. Andre prisvinnarar var blant andre Gunnar Staalesen og Kristine Tofte, og eigentleg alle andre oppmøtte forfattarar.

Etter endt festival var det tilbake for å pakke kofferten for to nye veker i Sør-Trøndelag. Det er gøy med turné, men samtidig veldig slitsomt.