Det har blitt seint på hausten, og eg er enno berre eit kapittel og fleire forvirra tankar inn i nytt bokprosjekt. Hadde gløymt kor tungt det var, det gjer eg kvar gong. Og kven fan skriv eg for? Eg drøymer om å jobba som billettkontrollør på den vesle sporvogna her på Lidingö. Den som skranglar så jævlig at tankane blir knust.
Men så skjer det igjen, nokon har lese Kirsebærsnø og teke seg tid til å skriva om den på bloggen sin. Nokon les, og halleluja! likar boka. Nokon vil lesa meir. Denne gongen er det Beathe som har bloggen Beathesbokhylle:
«Jeg skal garantert ha flere møter med Ingelin og jeg fikk lyst til å lese flere bøker på nynorsk.»
Les heile innlegget her.
Så i dag skriv eg for Beathe og hennar bokhylle!
Tekst under arbeid:
«Eller kanskje det hadde vore morosamt? Morosamt i ettertid i alle fall. For ettertida vil koma. Ein dag vil ho le av dette, at ho gjekk i bryllaup dagen etter at ho blei dumpa, at ho hamna i sauefjøset med ein fjern fetter som heite Frank, at han tok henne i ræva til ho blødde, at ho kunne ikkje gå på fleire dagar, at elevane spurte kva som var i vegen då ho kom på jobb og ho sa ryggskott, men dei skulle berre visst, og sjå no, no har ho dikta seg langt inn i ettertida der alt vil vera bra. Og det der med at ho blødde i rumpa var berre noko ho dikta opp. Klart ho ikkje kjem til å blø av dette her, det er mykje meir normalt enn ein skulle tru dette. Det er berre ei god historie, snart er det ei god historie. Kanskje ho vil le av det alt i morgon. Og så vil Isak ringa på døra, og han vil ha med blomar og ho skal sleppa han inn, og han skal le av kor elendig ho ser ut, før han vil dra på bensinstasjonen og kjøpa pizza og brus og chips. Så sit dei der i sofaen og han held rundt henne og ho skal skjøna at han er tilbake og ho vil ta han tilbake. Ho skal ikkje spørja om noko. Det er ikkje nødvendig, det er faktisk ikkje sunt å rota for mykje rundt i gamal drit.»