– Barnebokkritikk.no skal setja dagsorden i kulturdebatten. Det er målsettinga til den nye redaktøren Guri Fjeldberg. – Vi skal levere den beste og mest fagleg funderte kritikken av bøker for barn og unge som blir gjeve ut av norske forlag, seier ho.

Redaktøren for nettstaden har med andre ord høge ambisjonar. Målet er å melde over 120 bøker i året, altså 10 prosent av alt som blir gjeve ut. I år ligg dei litt etter. Med seg på kritikarlaget har ho rundt tjue personar, alle med spesialkompetanse på sitt felt.

– Korleis skal de setja dagsorden?

– Når vi peiker på barnelitteratur som diskriminerer Nord-Norge eller spør om framsideillustratøren burde vunne ARKs barnebokpris, er det viktige problemstillingar som hadde fortent eit større publikum og ein breiare debatt, seier Fjeldberg.

Ny nettside

Det er ikkje berre redaktøren som er ny, barnebokkritikk.no framstår nå i ny drakt med nye satsingar. Og redaktøren tenkjer seg fleire forandringar og har fleire idear. Ho eksperimenterer med ei spalte som i mangel av betre forslag heiter «Jasså?!?». Den tar opp problemstillingar som strekkjer seg ut over kvar enkelt bok.

– Kvifor skriv t.d. somme anmeldarar «platt som i ei ungdomsbok» når dei kritiserer ei vaksenbok? Det synes eg ikkje vi skal finne oss i. På sikt håper eg at denne spalta skal kunne rullere mellom flere kommentatorar, gjerne også forfattarar. Eg ser også for meg at vi kan knyte alle bokmeldingane ei veke opp mot same tema. La oss seia at vi melder tre debutanter, da kan Jasså?!?-spalta samtidig diskutere om kvaliteten på debutantane har gått opp eller ned etter at NBI begynte med forfatterutdanninga si.

– Kva trur du om det siste?

– Mitt inntrykk er at det har vorte lettare å debutere her til lands, i motsetning til i dei fleste andre land.

Viktig å diskutere litterær kvalitet

– Du nemnte forfattarar som bokmeldarar, det kan kanskje vera litt problematisk?

– I arbeidet med masteroppgåva mi las eg 1500 barnebokmeldingar i engelsk presse. Det viste seg at mange av dei beste var skrivne av forfattere. Kva trur NBU om å engasjere fleire forfattere til å anmelde omsett litteratur?

– Kva er det viktigaste med nettsida til barnebokkritikk.no?

– Etter at både NBU og Barnebokinstituttet har fått så fine nettsider, er det viktig at vi konsentrerer oss mest om det de ikkje kan gjera. Det er viktigare for oss å diskutere kva litterær kvalitet eigentlig er, enn å formidle bøker. Vi legg lista høgt. Dei beste forfattarane fortener å bli skilt ut frå dei nestbeste. Ein så kritisk posisjon gjer oss også til dei einaste som kan leggje eit visst press på dei som produserer bøkene, forfattarar og forlag. Eg synest godt det kan vera flaut å gje ut ei dårleg bok, i alle fall viss den er finansiert av offentlege midlar.

Anmelder også scenekunst

Barnebokkritikk.no har nå også begynt å anmelde dramatikk. Fjeldberg forklarer det med at ingen andre vil gjera det, og at scenekunst for barn har fortent det.

– Det er ikkje tilfeldig at denne satsinga kom parallelt med skriveutdanninga i dramatikk ved NBI, seier ho. – Nå har vi bevist at det lar seg gjera å byggje opp eit korps av kritikarar også på dette feltet. Kunstløftet har utlyst midlar til ei stor felles nettplattform som skal drive med kritikk av alle kunstuttrykk for barn. I samband med det håper vi at Scenekunst.no vil få midlar til å inkludere kritikk av produksjonar for barn og unge og dermed overta dette ansvaret.

Når Guri Fjeldberg fortel om sin eigen bakgrunn, passar ho på å få med at ho er utdanna vaktmeister. Utanom det har ho journalistutdanning, praktisk pedagogikk og master i barnelitteratur frå universitetet i Newcastle. Som redaktør er det ho som bestemmer kva for bøker og oppsettingar som skal meldast.

– Men om lag kvar fjerde bok blir anmeldt fordi kritikaren så gjerne vil anmelde akkurat denne boka eller oppsetinga. Mine avgjerder er basert delvis på at eg les mykje, delvis på tips eg får. Jeg kunne godt tenkt meg ein kveld med NBUs medlemmer der vi diskuterer kva for kriteriar som bør leggjast til grunn nå eg vel ut bøker som skal meldast.

Økonomien

Etter at eit nytt styre overtok barnebokkritikk.no og Fjeldberg begynte som redaktør, har dei gått på sparebluss. Heldigvis har dei fått ei tilleggsløyving frå Kulturrådet, og heldigvis har dei fått midlar frå Fritt Ord til opprettinga av ny teknisk plattform, fortel ho.

– Men eg hadde for eksempel planlagt ei eiga oppdatering med lesetreningsbøker som vi har måtte utsetja på grunn av pengemangel. Meininga er å oppdatere sida kvar veke, ikkje annakvar, slik vi har vore nøydd til å gjera i haust.

Barnebokkritikk har levert søknad til Kunstløftet saman med Ballade, Kunstkritikk og Scenekunst.no om å samarbeide om ei felles nettplattform, noko som vil kunne finansiere bortimot halve verksemnda. Men framleis vil dei vera avhengige av midlar frå mange andre. Opphavleg vart nettstaden finansiert som eit spleiselag der forlaga gav ei bra del.

– Når har den solidariteten sprukke. Somme betaler, andre ikkje, og vi kjenner alle ubehag ved presset som oppstår. Eit forlag skal jo ikkje kunne kjøpe seg til fleire bokmeldingar enn andre. Eg er veldig spent på kva styret mitt og forlaga kjem til å gjera med dette når vi nå begynner arbeidet med å få finansiering på plass for neste år. Men så lenge det finst olje i Nordsjøen, og kulturpolitikarane meiner kunst for barn er viktig, er det håp for oss.

 Sjå den nye sida og finn mykje interessant stoff: