Historia som ikkje skulle bli bok…

«Du skal skrive dit eget liv», lyd det første av den ni Bohêmebud. Og svært mange forfattarar følgjer dette bodet også i dag. Nokon gjer det med ei i alle fall tilsynelatande vellyst (og med respekt og omtanke laaaangt ned på lista) mens andre er meir motvillige til å bretta ut levd liv. Tiger Garté er av det meir motvillige slaget. Historia om bestefaren hans, var aldri meint som bok. Men heldigvis for oss lesarar blei det bok likevel. Fuglehotellet er ei sterk og ærlig historie som aldri bikkar over i det private eller klamt intimitetstyrani.

Vel så fasinerande som hovudhistoria om bestefaren (som i boka får namnet Bår) og barnebarnet, Tor, som gjennom ein sommar tar jobb på Verket der bestefaren jobba ein sommar, er bygdeportrettet. I romanen vekslar også forfattaren mellom bokmål og nynorsk noko som også berre glir på. Og det er kanskje dette som er romanens suksesspunkt? At den eit finstemt bygdeportrett med ei sterk historie i botnen som alle som har eller har hatt ein ekstra kjær bestefar eller bestemor kan kjenna seg igjen i. Ei befriande trygg og stille bok i all støyen.

 

FOTO: Viss du går inn i ein bokhandel no i haust skal det eigentlig mykje til om du ikkje får auga på Tiger Garté sin nye roman Fuglehotellet. Kva bok vil ligga under flest juletre i år? Den frå Tiger eller den om Snåsamannen?

 

 

 

Eh, no begynte dette å likna ei bokmelding her og bokmeldingar det er noko eg har bestemt meg for å halda meg langt unna på denne bloggen.

Men det som kanskje er mest verd å merka seg med denne boka, er korleis den gjer spor av levd liv om til ein ordentlig roman. Eg blir i alle fall ikkje sittande og vurdera kor store delar som er heilt sant og kva som er dikta opp for at det skal bli ei bra historie der dramaturgien også er på plass. Det er jo sjeldan at levd liv foregår etter den Aristoteliske dramaturgikurven…

Boka har fått fine kritikkar både i aviser og på bokbloggar (bokbloggarane er jo forfattarane sine nye bestevenner). Du finn ut meir om boka og forfattaren ved å klikka her.