Viss det ikkje hadde vore for tilbakemelding frå lesarane og dei mange bokbloggarane, så trur eg at eg hadde gøymt meg under eit stort pledd og trøystespist eit tonn smågodt i dag.

 

For på bloggen leselykke.no si Facebookside så la dei ut ut dette fine bilete med frå Kirsebærsnø før helga:

 

Dette gjorde meg så glad så glad.

Og Karen Golmen som er kvinna bak bloggen ForfatterFruen.no har laga ein Ingelin-spesial, det er berre så utrulig varmande. Ho held på å lesa boka, og eg er veldig spent på kva ho synest.

Så var det pisk…

Bloggvarmen gjer at eg kan velja å legga mindre vekt på det Steinar Sivertsen skriv i Stavanger Aftenblad:

”Resultatet er blitt eit triviallitterært kjærleiks- og familiedrama frå ei fiktiv bygd i Hardanger, ei enkel, ryddig forteljing blotta for overraskingar og heilt utan språklege mothakar.”

Og han avsluttar med at han slett ikkje likar sånne chick-litt bøker.

Før helga kasta Trine Styve Varlo i Haugesunds Avis tre på terningen og skreiv:

”Å ha en historie å fortelle er det viktigste for en forfatter. Uten noen atypiske, undringsutløsende faktorer blir utroskap i bygdas midte fort ganske kjedelig.”

Dette gidd eg ikkje å bli knekt av.

Så sjølv om ein del kritikarar i aviser meiner at Kirsebærsnø er triviell, kjedelig og langt i frå fin nok, så vel eg å tru på lesarane og bokbloggarane og bokhandlarane som også har anbefalt boka varmt. 

Kirsebærsnø har dessutan ganske så fine salstal noko eg kan takka lesarar, bokbloggarar og bokhandlarar for. Boka kjem i pocket til våren, og håpet er at mange vil ta med seg Kirsebærsnøpocketen ut på reise. Eg hadde ein tanke om at dette skulle vera ei bok å nyta på ei strand eller ved ein bassengkant.

Så trass i litt mild pisking så kjem eg ut på pluss i dag også!

EIT STORT PS: FOR IKKJE Å SNAKKA OM ALLE BIBLIOTEKARANE SOM OGSÅ HAR KOME MED FINE TILBAKEMELDINGAR OG ANBEFALER BOKA MI.