areyoumymother-cover-bechdel

Are You My Mother ? : a Comic Drama (2012). Forfattar: Alison Bechdel

Anbefaling av: Kari Folvik

Dette er ein fantastisk innhaldsrik biografi i teikneserieform om Alison sitt forhold til mora Helen, og frigjeringsprosessen hennar på veg mot å bli ein vaksen, sjølvstendig kunstnar.
Boka er dedikert til mora : «For my mother, who knows who she is»…
Tittelen på boka er lånt frå ei klassisk amerikansk bildebok av P. D. Eastman om ein fugl som leiter etter mammaen sin. Eg tenkte først at det er ein merkeleg tittel, det er ikkje slik at Alison er i tvil om at Helen er den rette mora hennar, men hvis ein les tittelen med trykk på YOU– er DU mor mi- er jo dette eit spørsmål som dei fleste av oss ein eller annan gong har stilt seg; kan denne kvinna (som er så ulik meg!) vera mora mi?


Helen er ei sjølvstendig, skrivande kvinne som har blitt sterk av å oppdra fleire barn og å leva med ein mann som viste seg å vera homofil. Han får vi historia om i den fascinerande og høgt prisa teikneserieromanen Fun Home, på norsk Husfred. Der fortel Alison også si lesbiske «koma ut»-historie.

Draum og terapi
Are you my mother er ein rik og intellektuell roman der bakteppet er teoriane til psykoanalytikarar som Freud, Donald Winnicott og Alice Miller, og i tråd med psykoanalytisk teori spelar draumar ei viktig rolle. Kvart kapittel blir innleia med ein draum, ofte nydeleg fortalt og vakkert teikna. Alison går sjølv i terapi og vi får oververa talrike scener frå terapirommet. Ho strevar m.a med sjalusi, kontrollbehov og utryggheit i kjæresteforholda sine og den eine psykologen ber Alison spørre mora: «What`s the main thing you learned from your mother»? Ho får til svar: At gutar er meir verdt enn jenter… Dette har mor ført vidare til Alison og brørne hennar.

Såre punkt
Ei sårt punkt Alison kjem tilbake til gong på gong er det at mora slutta å røre ved henne og kysse henne godnatt da ho var sju, da var Alison for stor til sånt… Forholdet hennar til mora er prega av skuffelse og sårheit samtidig som ho har ein jamn pågåande dialog med henne ved hyppige telefonsamtalar, ho klarer ikkje å lausrive seg. Nærheit og avstand til foreldre er noko dei fleste kan kjenne seg att i, og denne boka set i gang tankar om eigen barndom og forhold til foreldre; ein får lyst til å fordjupe seg, reflektere, snakke med søsken om familien, kanskje skrive…

Frigjering frå mor
Den amerikanske diktaren og feministen Adrienne Rich og i serleg grad Virginia Woolf blir hyppige siterte og er vegvisarar i vegen mot lausriving og frigjering frå mor. Dette er medrivande lesnad, historia bølger att og fram (inspirert av stream of consciousness-litteraturen), slett ikkje alltid så enkelt å forstå, men fascinerande, og eg sit att med mykje innsikt og kunnskap. Utan å vera teikneserieeksepert, meiner eg at Bechdel har utvikla seg ein god del som artist sidan utgjevinga av Fun home i 2006. Teikningane er utruleg varierte, vi ser personane frå utallige vinklar, gjennom vindu, ovanfrå etc., og ofte verkar illustrasjonane utdjupande på teksten eller har andre vinklingar enn teksten.

OM FORFATTAREN:
Alison Bechdel er født i 1960 i Pennsylvania, USA. Kjent for teikneserien Dykes to Watch Out for som vart publisert i ca. 50 alternative aviser/tidsskrift mellom 1983 og 2008 og for Fun home, på norsk: Husfred: en tragikomisk familiehistorie.

LES OGSÅ: …andre biografiske teikneserieromanar:

Marjane Satrapi: Persepolis
Art Spiegelman: Maus: historia til ein overlevande
Lust, Ulli: I dag er den siste dagen i resten av ditt liv ( Heute ist der letzte Tag vom Rest deines Lebens)

Arkivert i:Boktips, Månedens bok, Skjønnlitteratur Tagged: Alison, Are you my mother?, Bechdel, tegneserieroman