Ein dag oppdagar Dina ein fugl utanfor vindauget sitt – den blir den hemmelege vennen hennar. Saman med kameraten William bestemmer ho seg for å finne ut meir om fuglar og begynner å notere i ei lita bok.

Boka er eit samarbeid mellom forfattar Erna Osland og illustratør Inger Lise Belsvik.

Belsvik har gitt 20 norske fuglar eit kunstnarleg uttrykk som både fangar særtrekka og sjela til fuglane. Alle fuglane blir presenterte undervegs i forteljinga, og i tillegg i ein eigen faktadel bak i boka.

«Venner med venger» er ei bok som inspirerer barn til å uforske, observere og lære om naturen. Den inneheld både forteljing og fakta.

Dette sa Erna Osland om boka og samarbeidet  på eit seminar om Leseglede og språkutvikling i regi av Nynorsksenteret: 

– Inger Lise har teikna fuglane slik dei er for borna. Dei er laga med klare fargar slik at born skal tøra å teikna fuglar.

Erna Osland, som i tillegg til å vera forfattar, har vore lærar i mange år, er særs glad i fagbøker.

– Det er fint med fag, understrekar Osland. Fagleg påfyll er viktig for barna si utvikling og leik. Det er mykje moro å finne i kunnskap, dette har Osland erfart både som barn, som lærar, som mor og nå ikkje minst som farmor, fortel ho.

Det Osland skriv om i fagbøkene spring ut av hennar eigen trang til å læra meir.

– Eg startar heilt på null, slik er eg som eit barn, fortel Osland. Ideane til kva ho skal skriva om blir til medan ho leikar med barnebarna. Når ho leikar med borna, leitar dei etter kunnskap.