Nordland Fylkeskommune legg ned Skrivebua frå nyttår. Tekstene på sida vil liggje tilgjengelege, men ingen nye tekster eller kommentarar vil bli publisert. Det kan ein lesa på nettsida. Vedtaket vart gjort nå i desember.

www.skrivebua.no er ei nettside for unge mellom 10 og 20 (25) år der ein kan utvikle skrivinga si og få seg nye venner.

Ein redningsaksjon med underskriftliste og demonstrasjon vart sett i gang på seinhausten i eit forsøk på å hindre nedlegging. «Vi mener at Skrivebua er en utrolig bra side for skrivende ungdom og at det er uhørt at den skal tas av budsjettet,» skreiv initiativtakarane i eit innlegg på ungdomsbøker.no.

 Men nå er det altså slutt. Bakgrunnen for nedlegginga er at det ikkje er nok pengar til å drive nettstaden vidare. Nordland fylkeskommune har løyvd midlar til drift av Skrivebua, men føresetnaden har vore at det også skulle løyvast nok pengar også frå andre aktørar.

Staten har tildelt pengar til tenesta, men desse driftsmidlane til saman er ikkje nok til å drive Skrivebua vidare, står det på nettstaden.