Fantasybøker har blitt mektig populært og det er ikkje berre utanlandske bøker som fengar norske barn, dei har også fått smaken på fantasy skrive av norske forfattarar. For Mari Moen Holsve var det heilt naturlig å skriva i denne sjangeren sidan ho elskar å lesa fantasy sjølv. Ho er aktuell med serien Halvgudene, der den første boka vann Arks barnebokpris 2011. Kanskje ein julegåveidé?
Er det eventyret og røyndomsflukta som gjer fantasybøker så spanande? Det at ein kan drøyma seg bort til ei verd der det er godt og vond utan gråsonar? Eller er det berre det at vi aldri blir lei av eventyra fordi om dei djupast sett handlar om det same. I fantasylitteraturen er kontrakten med lesaren temmelig krystallklar.
Fantasy er i grunnen ikkje noko nytt, eg slukte også Narnia-bøkene men fann Ringenes herre temmelig uinteresante. Det som er interessant er at det har kome ei rekke nye norske forfattarar inn på banen som utelukkande skriv bøker som forheld seg utanfor realismen på den eine eller andre måten. Eg har tidligare snakka med Kristine Tofte, forfattaren bak dei to bøkene i kortserien Song for Eirabu. Det intervjuet kan du sjå her. Utover våren skal eg prøva å få tak i litt fleire forfattarar som skriv i denne sjangeren. I mellomtida kan de lesa bloggen til min forfattarkollega, Jon Ewo, han er meir ekspert på dette enn det eg er.