Monstrene i Dunderly av Endre Lund Eriksen skal gjevast ut på kinesisk. Det kinesiske forlaget Tsinghua University Press Limited i Beijing har kjøpt rettane frå GAN Aschehoug, skriv NRK.no. Dermed kjem boka ut i verdas mest folkerike land. 

Forfattaren sjølv er begeistra over å kunne nå ut til så mange lesarar.

– Kina er jo eit stort land med veldig mange menneske, og det er eventyrleg å tenkje på kor mange som teoretisk sett kan lese boka. Sjølv om det nok er meir realistisk at kinesarane flest aldri kjem til å høyre om ho, er dette veldig stas for meg og illustratør Endre Skandfer, seier Endre Lund Eriksen til NRK.

– Vi har stor tru på potensialet som ligger i denne boken, og i Dunderly-universet generelt. At det store kinesiske markedet er først ute til å sikre seg rettighetene er ekstra gøy, og vi ser frem til å følge prosessen, sier Line Belsvik, prosjektleder i GAN Aschehoug.