Ein tendens eller mote i barne- og ungdomsbøkene er at dei har blitt litt meir blodige og valdelege. Fantastisk litteratur i alle former veks, det er mange vampyrar, grøss og gru, spøkelse og eventyrverdar. Og det er mykje røyndomsflukt. Den realistiske kvardagsskildringa står svakt. Dette er av konklusjonane NBUs litterære råd kom fram til da dei på sist møte drøfta bokåret 2012, seier leiar Ingelin Røssland.
– Men når det er sagt, så er det også skrive bøker som ikkje følgjer trend og mote. I år som tidligare år så skriv barne- og ungdomsbokforfattarar om det meste og i alle sjangrar, legg ho til.
– Finn de noko nytt i årets bøker?
– Nei, det er ingen som gjer noko som ikkje har blitt gjort før i ei eller anna form. Vi har til gode å bli overraska eller sjokkert eller litt rysta.
– Er det noko som er «ute»?
– Den realistiske kvardagsskildringa står svakt. Få vågar å skriva
kvardagsnært. Det blir heller ikkje skrive så mykje om normal seksualitet og lengslar. I den grad det blir skrive om dette temaet, er det problematisert. I år, kanskje tilfeldig, er det i alle fall tre bøker som omhandlar seksualitet/overgrep mellom barn/ungdom og vaksne. Den eine av desse bøkene, Lille ekorn, skriven av Linn T. Sunne, vann Brageprisen.
– Fantasysjangeren har stått sterkt siste åra, gjer den framleis det?
– Ja, det er framleis mykje fantasy. Noko er bra, noko er dårlig. Nett det er som i alle andre sjangrar.
– På ei samling for bibliotekarar nyleg vart det sagt at trenden er meir fantasy og grøss i alle sjangrar. Og at grøssarane blir skumlare og skumlare. Likeeins at det er meir vald i bøkene enn før? Deler rådet det inntrykket?
– Ja. Det er nok litt meir blod og vald enn før, noko som speglar resten av
populærkulturen. Men det er ikkje så ille at nokon burde finna det støytande.
– I fjor var det fleire dystopiabøker, det prega m.a. nominasjonen til U-prisen, er det same tendens i år?
– Ja, det har kome ut nokre dystopiske bøker i år også. Terje Torkildsen avslutta i år sin serie Dystopia, og Nina Marie Vogt-Østli debuterte med boka «Min tid kommer», som kan gå under merkelappen dystopi.
– Dei fleste av årets bøker er skrivne i etterkant av 22. juli, pregar det bøkene?
– Nei, og det er kanskje litt rart? Men kanskje det er for tidlig? I år kom det forresten to alvorlige bøker, skrivne av debutantar, om andre verdskrig, med særlig fokus på jødeforfølgjinga. Kanskje tilfeldig, eller kanskje som ei markering på at det er 70 år sidan deportasjonen av 532 norske jødar med Donau?
– Ein artikkel i RingBlad trekkjer fram at trenden nå er meir alvor i bøkene for ungar. Er inntrykket at det er meir enn før?
– Nei, kvart år blir det skrive alvorlige bøker. Det er nok heller det at det er tilfeldig kva journalistar trekker fram og snakkar om. Har enno til gode å oppleva eit bokår utan at døden er tema, det same gjeld alvorlig sjukdom, mobbing og kjensla av utanforskap. Det som er sjeldan å lesa, er bøker om alvoret i verda, miljøvern og politiske bøker. «Verdensredderne» av Simon Stranger er eit unntak i år, som «Pappa er sjørøvar» av Hans Sande var det i fjor. Ein kan også ana politiske tendensar i Iselin B Alvestad sin fantasy-serie, men det går nok den jamne lesar hus forbi. Det ville vore spanande med meir politikk, miljø og etiske problemstillingar i norske barne- og ungdomsbøker.
I 2012 kom det ut i underkant av 300 norske barne- og ungdomsbøker, trur Røssland, som legg til:
– Det eg veit, og som også resten av rådet stiller seg bak, er at det er ei ære å lesa alle desse bøkene som forfattarane har jobba så hardt med.
19. oktober Medlemsmøte NBU 16.-20. oktober Bokmessen i Frankfurt. 1.- 9. november Falturiltu
Lederbrev
Bokhøst og bekymringer 18. september 2024
Aller først: NBU gratulerer Tor Åge Bringsværd som er utnevnt til kommandør av Den Kongelige, Norske St. Olavs Orden for sitt forfatterskap. Bringsværd er den fjerde barne- og ungdomsbokforfatteren som har mottatt utmerkelsen (etter Egner, Vestly og Gaarder). Det var styret i NBU som tok initiativet til å anbefale Bringsværd til utmerkelsen, og det var med stor glede vi mottok nyheten før sommeren. Onsdag 28. august ble Bringsværd behørig feiret i hjemlige trakter på Vestby Kulturkvartal.
Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU) er en selvstendig forening grunnlagt i 1947. Foreningens formål er å ivareta norske barne- og ungdomsbokforfatteres faglige og økonomiske interesser, samt å verne og fremme norsk barne- og ungdomslitteratur. Les mer
PERSONVERNERKLÆRING for Norske Barne- og ungdomsbokforfattere