«Reint sportslig. Ei julehistorie» er andre boka om Vaskehjelpa. Her møter vi att den elskelege vaskekona frå fjorårets bok «La stå!!». No tar ho toget til Jæren. For å finna ho Ragnhild. Og kanskje, i same slengen, idrettens verd. Kan dette vera idrettens verd? tenker ho. Er det her denne idrettsverda byrjar? Ho såg ikkje gjerda rundt ein gong. Kom ho bare plutselig innanfor? Det kan nesten verka slik.

 Dette skriv meldaren i Aftenbladet:

Det mest morosame for denne fordomsfulle lesaren er harselasen over «idrettsverda»: «Dei græt sjeldan for opne kamera, idrettsfolka. Men det er alltid like før. Somme tider er det rett og slett uendelig vakkert å sjå dei, å høyra dei tynne, gråtkvelte stemmene komma opp gjennom strame, lange halsar, med svelgjande adamseple i, høyra knirkestemmene som kjem heile vegen frå dei knudrete, små ballestella der nede. dei sprettar ofte champagne, idrettsfolka, men dei får ikkje lov til å svelgja den sjølve. Dei må halda seg tynne og årvakne. Derfor ristar dei så lenge på flaskene, før dei sprutar mest mulig av sjampisen ut.»

På denne roadmovie-reisa til brusande Brusand, dei bibelske lundane i Hauge i Dalane og det gamaltestamentlege Nodland, møter me elles lett attkjennande lokale små- og storleikar: han pastor Petter Putlest, «ein marinemålar med svart bart og svart frakk som begge rekk ned til det støvete busskurgolvet», ein kristen moromann frå indre Ryfylke – og ein nyslakta diktar.