Norsk barnebokinstitutt har opna ei ny utstilling om serielitteratur.  Utstillinga set fokus på nye og gamle seriar og kva dei har hatt å seia for barne- og ungdomslitteraturen, for lesarane og bokbransjen.

NBI reiser fleire spørsmål i samband med utstillinga.

Historia om serielitteraturen fortel om skrivemåtar som har lagt ein mal for barne- og ungdomslitteraturen. Den er ein kommersiell lengde- og breiddemålar for kor godt den enkelte boka lykkast i å nå ut til eit breidt publikum. Kanskje legg denne malen føringar for korleis barne- og ungdomsbøker flest framleis blir skrivne?

Kanskje er det slik at delar av serielitteraturen ikkje berre forfektar konvensjonar, men også utfordrar dei? Trengst det skarpare kvalitetsomgrep, der funksjon og språkleg sjangerpresisjon blir definert meir tydeleg enn berre det ulne omgrepet ”kvalitet”, slik at det blir mogleg å trekkje fram seriebøker som er gode?

Utstillinga blir supplert av fleire artiklar på NBIs nettsider.

NBI held til i Observatoriegt 1b, 4. etasje, i bygget ”Halvbroren” like nedanfor Solli plass i Oslo.