«Doktor Proktor og det store gullrøveriet» av Jo Nesbø ligg på topp blant dei bestseljande barne- og ungdomsbøkene frå 2012. Det viser ei oversikt som Bokhandlerforeningen har laga. «Salamandergåten» av Jørn Lier Horst er på tredjeplass og «Absolutt ukyssa» av Nina E. Grøntvedt på fjerde. Både Lier Horst og Grøntvedt er har også ei bok til på lista.
Utgjevingar av Thorbjørn Egner-bøker tar fire av dei 15 første plassane. Dei andre forfattarane som er representert, er Bjørn Sortland, Elin Prøysen, Terje Formoe, Ingunn Aamodt, Erlend Loe og Tina Trovik.
Når det gjeld barne- og ungdomsbøker som har selt mest i 2012 uavhengig av utgjevingsår, tronar «Bukkene Bruse på badeland» av Bjørn F. Rørvik øvst på lista. Dei fire neste plassane går til Jo Nesbø og Doktor Proktor-bøkene. Også her er Egnertitlar med, det er også Inger Hagerup og Andre Bjerke, to eventyrbøker, to barnesangbøker, Tor Åge Bringsværds «Karstens og Petras vinterbok» og «Lillesøster går til barnehagen» av Kari Grossmann.