Nett då eg byrja å lure på om det ikkje skulle kome ei ny bok frå Arnt Birkedal dumpa ”Reint sportslig” i postkassa mi. Takk og takk. Som eg har sagt eit utal gonger før: eg berre diggar disse bøkene hans Birkedal. Vi møter Vaskehjelpa frå «La stå!» att, no har ho dårleg hjarte, så ho lyt på sjukehus og der overhøyrer ho at ein døyande jærbu som heiter Øystein Orre ber sjukepleiaren om å reise til Jæren for å seie orsak for han til ei dame som kallast Ragnhild, fordi han sa noko til ho som han sidan angrar på. Og vaskehjelpa tar saken. Ho forlet øya si att og tar toget ut på Jæren for å finne denne dama.

Dei som er med i boka ( eller snarare nokre av dei) er

  • Henok (frå Bibelen for dei som ikkje skjøna såpass)
  • og og nokre andre frå denne boka
  • diverse gamlekjærastar
  • xx-en, han Ingolf
  • smøre-Marthon, den snurte, gamle flammen
  • Giskeslekta er og nemnt, og då tenker ho ”ein liten straks på Trond Giske, han tørre, skitviktige og stadig meir tynnhåra trønderpolitikaren”
  • Ein drøss med Ragnhildar – skal det syne seg
  • Sauer sjølvsagt ( vi er jo på Jæren!) 
  • gamle Garborg lyt vi heller ikkje gløyme 
  • lærarar, rektor og vaktmeistar
  • Toralf Engan og Kupper’n Johannesen,
  • Arve Oppsal og Carsten Byhring
  • Pastor Putlesten som har skrive ”Jæren i våre flate hjarte”. Men no kan eg nesten ikkje ta meg tid til å ramse opp fleir, då bortsett frå han
  • Homse-Marvin sjølsagt, diktaren som vi og møtte i den fyrste boka om vaskehjelpa. Og som bur ved Homsevatnet etc.

Boka handlar og litt om jul, utan at det vert plagsamt julete. Og om ei sparkstøtting. Og altså om hjartefeil. Med meir. Til dømes idrett og ”idrettens verd”. (Mellom anna om Grønt gras-turnering for gutar og jenter frå 6 – 14 år .
Ei stund trudde eg og at boka handla litt om døden, då vaskehjelpa kom til Hamnekneipa ”her me vaskehjelpene brukar å hamna. 

Men mest handlar boka kanskje om draumar.


Så då kan vi jo syne ein reprise på  ein av filmhistoriens store replikkar. Carla Simon har og spela inn ein song med same tittel, men den vert for søtsuppete til ein bloggpost om ei bok som denne.
Derimot synst eg vi kan høyre på denne songen. Dette trur eg er musikk Vaskehjelpa kan like!

Dette er som vanleg for forfattaren ei overdådig bok, med masse innfall og utfall, og med høg intensitet på grensa til det heilt febrile. Kunne boka ha vore meir strukturert, disiplinert, kunne noko ha vore kutta ut (kva då liksom?) ?  Nei, BERRE gløym det! Om ungdomane vil like ho? Viss ikkje er det vel verst for dei!