Hør! av Erna Osland inneheld 21 forteljingar om Eli som går i 3. klasse. Boka er på 154 paginerte sider så som dykk skjønar er dette korte forteljingar. Boka kan sikkert passe fint som lesetrening. Dette er kvardagsskildringar å kjenne seg att i. Litt småslossing med Sverre som ved sida av Eli i klasserommet, om å vere mørkeredd, litt venninneintrigar etc. Omgivnadene er den trygge kjernefamilien, med mor, far og storebror. Språket er enkelt, rytmisk og gjennomarbeida. Dette er ein erfaren forfattar som meistrar skrivefaget.

Men kanskje manglar forteljingane den ekstra nerven og gnisten, slik vi til dømes finn i Rune Belsviks bøker om Jolver, og for ikkje å snakke om SS Bjugns barneforteljingar. (Det er naturleg å samanlikne med desse forfattarane, sidan og Erna Osland reknast i den høgste divisjonen av barnebokforfattarar.) Men nokre gonger svingar det, til dømes då Eli tar bussen til bestefaren og ein gamal mann døyr under bussreisa i kapittelet Brrrr.