Stadig fleire kjøper bøker gjennom ein nettbokhandel. Ei undersøking frå Bokhandlerforeningen viser at nettboksalet har auka frå 5 prosent av boksalet i 2003 til 17 prosent i fjor. På same tid har bokklubbane tapt marknadsdel mens bokhandlane har styrkt seg. I fjor svarte 59 prosent at dei kjøpte den siste boka i ein bokhandel. Nettet er nå den nest største salskanalen for bøker etter bokhandlarane, skriv NPK/NTB.

Haugenbok.no i Volda sende i fjor ut over 500.000 bøker. Nettbokhandelen har lagt bak seg eit nytt år med vekst mens andre delar av bokbransjen slit hardt.

– Vi var den første nettbokhandelen, og vi er framleis Noregs største nettbokhandel, seier dagleg leiar i Haugenbok, Lars-Ove Hammer.

Han fortel at omsetninga auka i fjor i forhold til året før som også var eit år i vekst. I 2011 selde selskapet i Volda bøker for 114 millionar kroner. Tala frå i år er ikkje klare enno. Men det er vekst, og veksten ser ut til å halde fram inn i 2013. Haugenbok er ein tradisjonsrik bokhandel i Volda. I 1980-åra starta dåverande eigar, Harald Haugen, postordresal av bøker og nådde ut til mange. Og i 1997 tok firmaet steget inn på internett. Det har vore ein suksess til no.

Heile artikkelen kan du lesa på Framtida.no