«Kva ventar du på, Hadia?» Det spør Dag H. Nestegard i ein kommentar på bokogsamfunn.no. Stadig fleire lurer på om det blir noko boklov. Det begynner å haste.

Nestegard skriv:  

«Etter at tidlegare kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) brukte lang tid på aldri å bestemme seg for boklov, var forventinga til landets nye kulturminister stor under skifte i haust.

Vi tilhøyrer dei som meiner kulturminister Hadia Tajik er ein frisk pust blant statsrådane i den raudgrøne regjeringa. Etter kort tid i statsrådstolen varsla ho at regjeringa vil ha boklov – og bransjen applauderte. No skriv vi snart februar, og utkastet til lovtekst er framleis ikkje sendt på høyring. »

Her er det berre tida og vegen:

«Stadig fleire i bransjen tvilar på at dette går, og til hausten er det val. Går det slik meiningsmålingane viser får vi eit borgarleg fleirtal, og framlegget til boklov hamnar truleg i skuffa.»

 Les heile kommentaren på bokogsamfunn.no: