Forfattar Lise Männikkö, barnebokkritikar Jonas Bakken og forfattar Endre Lund Eriksen (vara) er dei norske representantane som er valde ut til å sitja i juryen for Nordisk råds barnebokpris. Dei er valde for den første fireårsperioden. Det skriv sekretariatet for prisen i sitt første nyheitsbrev.

Nordisk ministerråd gav i fjor støtte til forslaget om å dele ut denne nye prisen for barne- og ungdomslitteratur i Norden og styrke og løfte denne litteraturen.

Prisen skal delast ut for første gong i samband med Nordisk råds sesjon i Oslo i slutten av oktober 2013. Reglane og nomineringsprosessen for den nye prisen er det same som for Nordisk råds litteraturpris. I juryen sit representantar frå alle nordiske land, og prisen er fastsett til 350 000 danska kronor.

I alt sit det 23 representantar frå ni land i juryen.

I tillegg til prisen har Nordisk ministerråd bestemt at det skal setjast i verk aktivitetar som forsterkar prisen, mellom ann med auka bidrag til omsetjingar, nettverksaktivitetar og promotering av prisen. På Biskops-Arnö i Sverige blir det sett i gang ein forfattarskole for ungdommar, og Foreningen Norden arbeider for at nordiske forfattarar besøkjer skolar over heile Norden.

Sekretariatet er lagt til Reykjavik.

Heile nyheitsbrevet kan du lesa her: