Kulturministeren har lagt fram forslag til endringar i åndsverklova. Formålet er å styrke dei som sit på opphavsrettane til åndsverk mot krenkingar på Internett. Det gjeld i første rekkje musikk, men det gjeld også bøker på nett.
Forslaget skal gje rettigheitshavarane eit betre verktøy for å hndheve opphavsretten på internett. Samtidig ivaretar forslaget andre viktige omsyn, slik som som personvern, rettstryggleik og ytringsfridom, heiter det i ei pressemelding.
– Åndsverklova er ei av våre viktigaste kulturlover, men den skal også ivareta samfunnsinteresser slik at folk har tilgang på kultur. Dette er bakgrunnen for endringane som nå blir lagt fram, seier ho.
Dei tre viktigaste elementa i forslaget er:
1. Registrering av IP-adresser
Det skal vera mogleg for rettigheitshavarane å registrere IP-adresser som er brukte til å krenke rettar. Slik kan det førast bevis for krenkinga. Tidlegare har det vore nødvendig med konsesjon fra Datatilsynet.
2. Tilgang til identiet
Eigne reglar om at rettigheitshavarane kan gå til domstolane for å få utlevert informasjon om kva for internettabonnement som kan knytast til opphavsrettskrenkingane.
3. Tiltak rettet mot nettsted hvor opphavsretten krenkes
Domstolane kan påleggje internettilbydarane å hindre eller vanskeleggjera tilgang til nettstader der opphavsretten blir krenka i grove tilfelle. Terskelen for å ta det i bruk vil vera svært høg.