Grønt utval og medlemspolitikk var to tema som vart debattert på årsmøtet til Forfattarforeininga. Hovudspørsmåla var: Skal DnF opprette eit Grønt utval på linje med Internasjonalt utval? Og når det gjeld medlemsinntak: Bør terskelen for å bli medlem i DnF seinkast?

Av Magnhild Bruheim

Forslaget om Grønt utval kom frå Freddy Fjellheim, Tone Hødnebø, Knut Nærum, Arne Ruste, Espen Stueland og Ole Robert Sunde. Bakgrunnen er at forfattarane er uroa for klimaendringane, at dei ønskjer å arbeide for miljøet, og at dei vil trekkje DnF inn i arbeidet. Jostein Gaarder var ein av dei som varmt støtta forslaget.

Styret hadde under behandlinga av forslaget vedtatt å ikkje støtte det. dei ville derimot gje støtte til eit anna forslag frå dei same: om å arbeide for at foreininga skal bruke dei mest miljøvennlege reisemåtane når det er mogleg. I tillegg vil dei ta initiativ til eit møte med Bokhandlerforeningen og Forleggerforeningen for å drøfta korleis bokbransjen kan bli meir miljøvennleg.

Det var ikkje fleirtal på årsmøtet for framlegget om Grønt utval, men debatten viste at mange var positive til miljøtanken. Alternative forslag vart lagt fram, og årsmøtet enda med å vedta at initiativtakarane skal arbeide for eit Grønt nettverk blant skribentorganisasjonane. Dessutan skal DnF arrangere eit medlemsmøte om klimaendringane i 2013.

Forslagsstillarane hadde også forslag om ei fråsegn som tok skarp avstand frå Statoils tjæresandprosjekt i Kanada. Avstemminga viste om lag like stemmer for og imot fråsegna. Løysinga vart at den grøne nettverket skal arbeide for ei underskriftskampanje blant forfattarane mot tjæresandprosjektet.

Medlemsinntak

Styret opna for ein ny diskusjon om medlemsinntaket i foreininga. Meininga var ikkje å gjera noko vedtakt, men å lodde stemninga blant medlemmene. mange nye har kome til sidan sist spørsmålet vart debattert. Leiar Sigmund Løvåsen reiste mellom anna spørsmåla: Kva vil foreininga tene på å senke terskelen for medlemsinntak? Kva vil foreininga tape?

Leiar Stein Versto i DnFs litterære råd, Eli Sol Vallersnes og Rune Hjemås innleidde kort om saka før debatten. Dei to siste gjekk inn for å senke terskelen og peikte på korleis ein avslag verka inn på forfattarar, og at det var mange som burde vore medlemmer, men som etter avslaget har så dårleg forhold til DnF at dei ikkje søkjer.

I debatten støtta dei fleste synspunkta til Vallersnes og Hjemås. Men det treng ikkje bety at det var fleirtal i salen for det. Spørsmålet om kva DnF kan tene eller tapa på å senke terskelen kom det ingen klare svar på.

Debattane om både Grønt nettverk og inntakspolitikken var friske innslag som gjorde årsmøtet meir interessant enn dei underskrivne har deltatt på tidlegare år.

På nettsida www.forfatterforeningen.no kan du lesa meir om årsmøtet og vedtaka.