Kari Stai er tildelt Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2012. Stai får prisen for boka Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake.

Stai kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar. Ho debuterte med barneboka Jakob og Neikob i 2008. For den mottok ho mellom anna Kulturdepartementet sin debutantpris og Inderøy mållag sin målpris. I 2010 kom Blodrik og Blodfabrikken – ei varm og artig historie om den einsame og blodsprengde kjempa Blodrik som får seg ein venn.

Boka ho nå får prisen for, er den andre om radarparet Jakob og Neikob.

Ho har også laga fleire peikebøker om Mopp og Mikko.

Les om dei andre Kritikarprisane på nrk.no: