I 2011 kom talet på norske barne- og ungdomsbøker for første gong over 1200 utgjevingar.  Av 1270 bøker var 1011 nye norske og omsette bøker, resten var nye utgåver av tidlegare utgjevne bøker. 445 utgjevingar var nye norske bøker, 566 nye omsette. 

Det viser ein statistikk Sofie Arneberg, forskningsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket, har utarbeidd. Statistikken omfattar trykte bøker for barn og ungdom på norsk, samisk og kvensk utgjeve i Noreg eller av utanlandske forlag på norsk. Statistikken inkluderer nye utgåver av tidlegare utgjevingar, men ikkje opptrykk. Skolebøker er heller ikkje inkludert.

Romanar, bildebøker og fagbøker utgjer dei største bokgruppene. Det vart i  2011 gjeve ut 534 romanar, 393 bildebøker og 283 fagbøker totalt.

Av dei nye norske bøkene var 42 % romanar, 31 % bildebøker og 22 % fagbøker. 48 av desse 445 bøkene (11%) var tilgjengelege på nynorsk. For dei nye omsette bøkene er talet lågare, berre 8 (1,5%) er på nynorsk. 

Om lag to tredelar av dei omsette utgjevingane er omsette frå engelsk. Deretter følgjer svensk (10 %), fransk (7 %), tysk, dansk og nederlandsk. Det vart til saman omsett frå 14 språk i 2011. 

I 2011 var det for første gong registrert utgjevingar på kvensk for barn. Til saman vart det gjeve ut 32 barne- og ungdomsbøker på kvensk og samisk. Ti av desse er parallellspråklege (samisk eller kvensk og eit eller fleire andre språk), 1 kvensk, 3 lulesamiske, 13 nordsamiske og 4 sørsamiske.

Når det gjeld fagbøker, vart det gjeve ut 104 nye norske fagbøker for barn og ungdom. Det er ein auke på om lag  25 % samanlikna med åra før. Når ein legg til dei omsette, blir talet på fagbøker totalt 283. Dei fleste av desse er ulike hobby- og aktivitetsbøker. 

Samanlikna med andre nordiske land er talet på utgjevingar lågare i Noreg enn i nabolanda Sverige, Danmark og Finland, men forskjellen er om lag den same som tidlegare år. 

Bakgrunnsmaterialet for statistikken er Nasjonalbibliografien, forlagskatalogar, Biblioteksentralen og andre kjelder der ein har funne informasjon om utgjevingar. Statistikken omfattar kun bøker som forlaga og Nasjonalbibliografien har definert som barne- og ungdomsbøker. Bøkene kjem frå mange små og store forlag og utgjevarar, og skil seg dermed frå Den norske Forleggerforenings bransjestatistikk, som kun omfattar utgjevingar frå medlemsforlaga.

Statistikk og diagram på NBI: