Tidlegare utgjevingar av nynorske lettlesbøker

Tidlegare utgjevingar av nynorske lettlesbøker

Det ligg an til ein mager vår for nynorske barne- og ungdomsbøker. Store forlag som Gyldendal og Aschehoug har ikkje ei einaste nynorsk barne- og ungdomsbok å vise fram i vårkatologen. Cappelen Damm har ei. Hadde det ikkje vore for Det norske samlaget og barnebokforlaget Mangschou, hadde våren vore nær fri for ny nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Til saman fortel katalogane at nynorsklesande barn og unge har 13 nye titlar å velje mellom.

Det skriv litteraturformidlar Janne Karin Støylen og litteraturvitar Petra J. Helgesen i ein artikkel på Barnebokkritikk.no.

«Kvar vår og kvar haust kan vi leite gjennom forlagskatalogane og finne bøker verdt å løfte fram – i kritikk, i omtalar, i formidling. Når vi ser spesielt etter dei nynorske titlane, plar vi finne dei. Men ikkje denne våren. Ikkje i språkåret 2013. I år som nynorsken, og dei andre mindre brukte språka våre, skal løftast fram, er det lite å finne. Burde ikkje forlaga vere med på denne satsinga?»

Mange gjeve prisar

Artikkelforfattarane viser til at den nynorske barnelitteraturen lenge har overlevd ved å vera best:

«Sjølv om dei nynorske titlane utgjer rundt ti prosent av dei samla utgjevingane, mottar nynorsk barne- og ungdomslitteratur tretti prosent av dei litterære prisane.»

Men det er ikkje berre talet på utgjevingar på nynorsk som er nedslåande på nynorsken. Mange gjeve prisar fører ikkje til høge utlånstal. Trass i at det debuterer stadig nye nynorskskrivande forfattarar, viser statistikken at talet på nynorske utgjevingar for barn og unge går svakt nedover:

«På utlånstoppen i biblioteket utgjer dei nynorske barnebøkene omlag ein prosent. Mange av dei nye, prislønte nynorske barnebøkene har knapt lesarar!»

Treng lettlesbøker

Den nynorske barnebokklubben Blåmann er lagt ned, den planlagte satsinga Leseland (lettlesne nynorskbøker) ligg brakk. Men lettlesbøker på nynorsk trengst, meiner Stølen og Helgesen:

«Som formidlarar av nye barnebøker møter vi lærarar, bibliotekarar, foreldre og andre vaksne som alle arbeider for fleire og betre møter mellom boka og barnet. Ei etterlysing er hyppigare enn andre: Det finst for få lettlesne bøker på nynorsk! Dette kan løysast på mange måtar. Mykje brukte lettlesseriar som leseløvebøkene eller lesehesten har nokre få nynorske titlar mellom ei mengde utgjevingar. »

Økonomien i prosjekta er problemet. Men tilfanget av lettlesne tekstar spesielt, og ny litteratur på nynorsk generelt, kan heller ikkje vere avhengig av eitt enkelt forlag sin økonomiske kapasitet, skriv artikkelforfattarane.

«Kva gjer Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet? Dei har ansvaret for implementeringa av den reviderte læreplanen som nettopp har vore ute til høyring. Har dei pengar å gi?»

Les heile artikkelen på Barnebokkritikk.no: