NBU vil gjerne feire Nordisk Råds nye pris for barne- og ungdomslitteratur ved å ta opp KVALITET som tema på årsmøteseminaret i april. Vi snur hovudet mot aust og spør først to kjende svenske forfattarar kva som er kvalitet for dei. Ulf Stark (bildet) og Jahanna Lindbäck kjem og snakkar frå sine ståstader, og vi vonar på ein diskusjon med dei og kvarandre.
 
Kva snakkar vi om når vi snakkar om kvalitet på barne- og ungdomslitteratur? Er det noko anna enn kvalitet på litteratur for vaksne? Må ei bok som er god for barn også vere god for vaksne? Kva leitar vi etter når vi leitar etter Den Gode Boka? Kom og høyr, kom og delta.
 
Velkomne på årsmøtet på Leangkollen 13.-14. april.