Dette er ei bildebok om livet, døden og bestefar. Illustrasjonane er det Line Halsnes som står for. Olava er sju år. Ho er oppkalla etter bestefar Olav, som er meir enn sytti. Han kan køyre traktor, reparere skistavar og levde under krigen. Bestefar har lært Olava mange ting. At havet er salt, at traktoren har hestekrefter, og at namnet hennar tyder etterkommar. Dei gjer fine ting saman, og bestefar lærer Olava å ro. Men når vinteren kjem, blir bestefar sjuk, så sjuk som berre gamle blir.
Historia om Olava og bestefar fangar samspelet mellom barn og besteforeldre og formidlar opplevinga av sorg og avskjed gjennom synsvinkelen til barnet. Tekst og illustrasjonar inviterer samtaler om liv og død og slekters gang.
Marit Lajord er debutant frå Vang i Valdres. Ho har gått på forfattarutdanninga i Bø. Line Halsnes har illustrert fleire bøker.