Den argentinske kunstnaren Isol har fått ALMA-prisen, verdas største barne- og ungdomslitteraturpris, på fem millionar svenske kroner.

Marisol Misenta, også kjent som Isol, vart fødd i 1972 i Buenos Aires. Ho debuterte i 2007 med Vida de perros, som er utgitt på norsk med tittelen Hundeliv.

Ho både skriv og illustrerer eigne bøker og illustrerer andre forfattere. Isol har vunne fleire prisar og utmerkingar, og ho har tidlegare vore nominert til H.C. Andersen-prisen og ALMA-prisen.

ALMA-prisen blir delt ut til ein forfattar eller illustratør som fremmar den humanistiske tankegangen til den avdøde forfattaren Astrid Lindgren, opg som held høg kvalitet over lang tid. Kandidatar til prisen blir nominert frå heile verda, og bøkene treng ikkje å vera omsette.

207 kandidatar frå 67 land var nominert til ALMA-prisen i år. Frå Norge var sju forfattarar og illustratørar nominert. Dei sju er Harald Rosenløw Eeg, Fam Ekman, Gry Moursund, Svein Nyhus (nominert saman med Gro Dahle), Bjørn Sortland, Øyvind Torseter.

Les meir om ALMA-prisen og årets vinnar på nrk.no: