Norske barne- og ungdomsbøker bøker blir eksportert til utlandet som aldri før. I 2012 selde norske forlag 186 barne- og ungdomstitlar til utlandet. Det skriv nrk.no.

For CappelenDamm vart fjoråret eit rekordår, med 100 kontraktar om utgjevingar av barnebøker med utenlandske forlag. Gyldendal dobla utanlandssalet av barnebøker frå 20 bøker i 2002 til 40 i 2012.«Garmanns sommer» (2006) av Stian Hole er ei av CappelenDamms bestselgande barnebøker i nyare tid. Den er seld til 15 land. Men framleis held Torbjørn Egners «Karius og Baktus» stand som kongen på haugen, den er seld til heile 23 land.

Gyldendal dobla utanlandssalet av barnebøker frå 20 bøker i 2002 til 40 i 2012. Dei trekkjer fram forfattarar som Arne Svingen og Bjørn Ingvaldsen, Tormod Haugen og sjølvaste Anne Cath Vestly, som har bøker som sel bra i utlandet.

Også Aschehoug har hatt eit kraftig hopp i sal av barnebøker til utlandet. I 2011 selde dei 23 barneboktitlar til utlandet, i 2012 36 titlar.

Samlaget hadde rekordåret sitt i 2011 når det gjeld eksport til utlandet. det var det året Maria Parr hadde det store internasjonale gjennombrotet med «Vaffelhjarte» og «Tonje Glimmerdal».

Les heile artikkelen på nrk.no