På turné får eg veldig ofte spørsmålet om eg ikkje har tenkt å lage film om Svarte-Mathilda. Det har eg ikkje. Det blir altfor dyrt og omfattande å lage ein skikkeleg filmversjon av historien hennar. Men no har Vestlandske Teatersenter laga ein sceneversjon. Den første boka har blitt dramatisert av Frøydis Flotve (som tilfeldigvis er kona mi) og ho står òg for regien av barneskodespelarane. Sjølv har eg vore delvis involvert i filmatiske sekvensar som dukkar opp innimellom. Og musikar Arild Brakstad har laga eit guffent lydspor av ekle lydeffektar og fantastisk skummel musikk.

Barna tar som speler rollene er midt i målgruppa, og eg trur dei har kosa seg stort med forteljinga om Svarte-Mathilda.

Her ser du plakaten til stykket som blir spelt på USF Verfet i Bergen 22. april klokka 18.00 og 19.30. Eg gler meg i alle fall!