Norske Barne- og Ungdomsbokforfatteres (NBU) debutantpris Trollkrittet er tildelt  Nina Marie Vogt-Østli. Ho får prisen for boka ”Min tid kommer”. Det er tredje gongen prisen blir delt ut. Vinnaren får 25 000 kroner og ein diplom, laga av Stian Hole.

Her er grunngjevinga for årets pris:

”Det er NBU sitt litterære råd som innstiller til prisen som berre skal delast ut om det er ein verdig kandidat. Og ein verdig kandidat fann vi blant dei mange debutantane i 2012 også. Det som er ekstra gledelig denne gongen, er at det er snakk om ein debutant som kjem frå NBI si forfattarutdanning, vi ser no frukta av ei utdanning som NBU også var med på å driva fram i si tid. Studentane frå denne utdanninga har vist stor breidde og skriv veldig ulikt. Utdanninga har lukkast i å dyrka og styrka studentane sine eigne stemmer og særtrekk. Ei av desse særeigne stemmene er altså vinnaren av Trollkrittet 2012. Ho har skrive ein debutroman som har imponert oss både språklig og forteljarteknisk.
I den lettare dystopiske romanen gjer ho eit spenstig tankeeksperiment: Kva ville du gjort om du blei kontakta av nokon frå framtida og fekk vita at du er despoten som skal forårsaka sivilisasjonens undergang? Forfattaren kjem ikkje med enkle løysningar eller tyr til klisjear og morbide skildringar. Heller lågmælt og stødig driver hun handlinga mot mørkets hjarte. Dette er ei stemme vi gjerne vil høyra meir frå framover. Men i mellomtida kan vi berre oppfordra til å lesa Nina Marie Vogt-Østli sin sterke debut ”Min tid kommer”.”

Prisjury er Norske Barne- og ungdomsbokforfatteres litterære råd.

Norske Barne- og Ungdomsbokforfatteres (NBU) debutantpris Trollkrittet vart innstifta av årsmøtet i 2010 og er foreiningas pris til fjorårets beste skjønnlitterære barne- eller ungdomsbokdebutant. Prisen blir delt ut for tredje gong 13.april 2013 på Leangkollen Hotell i Asker.

Namnet Trollkrittet er henta frå Zinkens Hopps bok ved same namn. Boka kom første gong i 1948 og blir rekna som eit høgdepunkt i norsk nonsenslitteratur.