Nyheter

NBU-årsmøtet 2013

Årsmøtet i NBU er vel overstått. To dagar med årsmøtesaker, fagleg påfyll og sosialt samvær. Aina Basso vart valt inn som ny styremedlem (erstattar Helga G. Eriksen), Bjørn F. Rørvik som ny medlem i det litterære rådet (erstattar Pål Gerhard Olsen).ainabjørn

Bjørn Ingvaldsen vart attvald som leiar for to nye år, det same gjeld styremedlem Magnhild Bruheim. Styret er dermed samansett slik: Bjørn Ingvaldsen (leiar), Aina Basso, Magnhild Bruheim, Hilde Hagerup, Sigbjørn Mostue, Annine Qvale og Ragnar Aalbu. Styret har konstituert Aalbu som fungerande nestleiar mens Annine Qvale er sjukmeldt. Linn T Sunne er varamedlem til styret.

bilde-20130414-163058

Det litterære rådet er samansett slik: Ingelin Røssland (leiar), Karin Kinge Lindboe, Erna Osland, Bjørn F. Rørvik, Tor Arve Røssland og Synne Sun Løes. Kine Hellebust er vara. Rådet har valt Tor Arve Røssland til nestleiar.

Årsmøtet vart avslutta med fagleg seminar, der temaet var kvalitet på barne- og ungdomslitteratur, sett med svenske auga. Foredragshaldarar var Ulf Stark og Johanna Lindbäck.

NBU-sida kjem tilbake med meir om årsmøtet, m.a. foredrag.

 

 

 

1 Kommentar

  1. Svein Nyhus

    Takk for forbilledlig årsmøte, hyggelige festligheter, inspirerende fagseminar og alle fantastiske smil!

Kommentarfeltet er stengt

Ansvarlig redaktør: Alexander Løken
Redaktør: A. Audhild Solberg

E-post: sekretariat@nbuforfattere.no

Telefon: (+47) 22 47 85 70

Postadresse: Postboks 1898 Vika, 0124 Oslo