– ”Inni heiteste, hælvetes faensræva” tek så langt tid å seie at sinnet har gått over når eg er ferdig! seier skodespelar Mari Maurstad.

Kva er ditt favorittbanneord? Og kva er forbodne ord for deg?
I kommentarfeltet nedst i saka er banning påbode!

Når NRK snakkar med henne sit ho saman med forfattar og språkvitar Helene Uri, på ein fortauskafé i Italia. Språkmektige Uri vel seg det italienske culo di balena, på norsk “kvalræv”, som sitt favorittbanneord for dagen.

– Banning er eit nødvendig vonde
Maurstad er inne på noko når ho meiner sinnet går over med banninga, skal vi tru språkforskar Ruth Vatvedt Fjeld.

– Alle kulturar har språklege tabu, som kjem til uttrykk når vi mistar kontrollen fordi vi blir veldig overraska, sinte eller redde. Tabua treng vi fordi dei strekar opp grenser for kva vi kan seie og gjere innan dei kulturelle rammene, og difor er også banning eit nødvendig vonde, seier Fjeld.

Banneorda kjem når vi ikkje finn andre ord, og vi bryt grenser og kjenner oss letta når vi har fått sagt dei, meiner ho.

“Faen” for vaksne, “faaaaarao” for born
Sjølv tyr forskaren ofte til ”faen”. Det gjer også forfattar Jan Kjærstad, som meiner det norske språket har påfallande få banneord, med unnatak av dialektane.

– Viss det er born tilstades greier eg å vri det midt i, til ”faaaaarao”. Når eg skriv, verkar dei fleste ”fiffige” banneord unaturlege. Men ein kan bruke det som signalfrase, seier romanforfattaren.

Ein jævla tur på den satans butikken
Dette problemet hadde ikkje Gunhild Dahlberg då ho skreiv kronikk for å parodiere folk som bruker kommentarfelta i nettaviser til å snakke nedsetjande om kvinner. Den tidlegare programleiaren i NRK P3 vaks opp i Nord-Noreg, og dei svært grovkorna frasene ho brukte i kronikken i Dagbladet, kom naturleg til henne, seier ho.

Gunhild Dahlberg elskar den nordnorske bannskapen.

– Eg er veldig glad i den nordnorske banninga, ord som ”kvalfette” er musikk i øyra mine, smiler Dahlberg.

– Dei pressar bannskapen inn i dei mest kvardagslege setningane. Onkelen min kan for eksempel seie at han skal ta ”ein jævla tur til den satans forbanna butikken”, og det tilfører språket noko, meiner ho.

Synest ”fittekjerring” er fattig språk
Eit uttrykk som ”faens forbanna hælvetes jævla satans hæstkuk” kjennest deileg å seie, synest Dahlberg. Men på det no austnorske tonefallet hennar, synest ho banning ofte kan høyrast litt harry ut.

– Eit ord som “faen” eller “fa-an” høyrest ut som norsk film frå 1970- og 1980-talet, synest eg.

Sjølv om det er dette banneordet ho bruker mest, prøver ho prøver å unngå det. Som radiopratar måtte ho tenkje igjennom språket sitt, og det er ho glad for no.

– Viss ein ikkje greier å skildre noko som anna enn ”jævlig”, har ein dårleg fantasi. Og å kalle nokon ei ”fittekjerring” fortel absolutt ingen ting om personen det er retta mot, seier Dahlberg.

Radioen drap bannskapen
Også radioprogramleiar og forfattar Finn Tokvam måtte moderere seg noko då han begynte å prate på eteren. Men han synest ikkje nødvendigvis at banning gjer språket fattigare.

Det enklaste verkar likevel å vere det beste, også for han. Han går for ein meir vestlandsk variant av “faen”.

– Fan! Eller fan-fan, det er dobbelt så sterkt. Fleire burde nytte seg av det, meiner Tokvam.

– Elles går det vel i slike religiøst bundne ord, som “helvete” og “satan”, eller “sattan”, som eg bruker å seie.

Ukvemsorda kjem gjerne når Tokvam altfor optimistisk trur han skal få med seg alle sakene frå kjøkenet til stova, og så går det i golvet og knuser. Og når Sogndal taper mot Rosenborg, kan det visst vere vanskeleg å halde seg skinnet.

– “Kuk” er farlegare enn “satan”
Tokvam held seg unna dei kjønnsbaserte banneorda så godt det let seg gjere.

– “Satan” kjennest mindre farleg, på eit vis, sett opp mot “fitte” og “kuk”. Men eg har også høyrt at det kan vere farleg å ikkje banne, sleppe satan laus, i alle fall skal det å banne hjelpe på smerte, har Tokvam høyrt.

Banning gir mindre smerte
Og dette stadfestar ein annan sogning, språkvitar og tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim.

Han peikar på ein britisk studie som viser at folk som slepper banneorda laus kjenner mindre smerte enn dei som ikkje gjer det.

Sjølv om dialekten hans har ein del saftige kraftuttrykk, er det ikkje desse som oftast dukkar opp hos den språkmedvitne sogningen

– Eg er vel som dei fleste andre, og seier gjerne “faen”, men eg bruker nok “helvete” endå meir, trur han.

Det forbodne ordet
Forfattar Tove Nilsen er tradisjonell av seg, meiner ho. Når dataen streikar eller eit glas går i golvet, pressar ho fram eit ”faen” mellom tennene.

Det fall ikkje i god jord då tenåringsdøtrene hennar begynte med banneord som kanskje er vanlegare i den yngre generasjonen.

– Vi ler av det i dag, men den gongen heldt eg ein timelang, feministisk skjennepreken om kor ille det er å bruke “fitte” som banneord. Det er ikkje banning, synest eg, det er ein del av kvinnekroppen som ikkje kan brukast til det føremålet, seier Nilsen.

Likevel trur ho konflikten hadde rot i generasjonskløfta mellom henne og ungane. For dei er det andre tabu som gjeld, og grensene er flytta sidan Nilsen var lita.

– Då var “faen” det forbodne ordet, det som det ikkje gjekk an å seie.

“Fettlerv” og “svøltæring”
Det er stor spenning i kva folk definerer som forbodne ord og banneord. Mange nemner ord som på ein eller annan måte påkallar den vonde sjølv, medan andre synest dei kjønnsrefererande orda er dei styggaste som finst.

NRKbok spurde sine Twitter-følgjarar kva som var deira favorittbanneord, og her er nokre av bidraga som kom inn:

Fettlerv/fettsnerk/rassfaen – ”et stygt ord for et kvinnemenneske, men jeg bruker det i alle sammenhenger, høhø”
Dælan døliatten – ”opphavet til dette uttrykket må kanskje en garva språkforsker svare på”
Svarte molhelvete – ”mol er forsterkende ord i Rørosdialekta”
Fittesatan – ”møter jeg noen gang en gutt som sier det, lover jeg å gi beskjed om jeg synes det er ok eller ikke!”
Svøltæring – ”det er så grovt at [betydningen] ikke kan nevnes på twitter


Kva er ditt favorittbanneord? Og kva er forbodne ord for deg?
I kommentarfeltet nedst i saka er banning påbode!